11.01.2013 Views

Leder - Fortid

Leder - Fortid

Leder - Fortid

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

fortid nr / 2005

122

Hunger eller smitte?

Demografiske kriser er kjenneteikna ved at dødsrata er høgare

enn fødselsrata ein periode, noko som isolert sett 13 fører til

nedgang i folketalet. 14 Frå 1735 finst oppgåver frå bispane over

døypte og gravlagde, som gjer det mogleg å spora slike kriser.

Tala må nyttast kritisk, særleg før 1750 ser oppgåvene ut til

å vera mangelfulle. 15 Materialet fortel at dødsrata i Noreg på

1700-talet jamt over låg dobbelt så høgt som i dag; kring 25

per 1000. Det var fleire demografiske kriser mellom 1735 og

1815. Krisene i 1741-42 og 1773 var særleg store. 16 Tidlegare

forsking la mykje vekt på uår og svolt som bakgrunn for

epidemiar som i seg sjølv berre skal ha utløyst dei demografiske

krisene. 17 Standardverk som Aschehougs Norges historie (1909-

1917) og Det norske folks liv og historie (1929-1938) er relativt

eintydige. Nyare forsking har i større grad brukt epidemiane

som hovudforklåring.

I ei hovudoppgåve i historie frå 1982 undersøkte Rolf Engelsen

dødelegheita for ulike sosiale lag i heile landet i kriseåra 1802 og

1803. Han kom fram til at det utan unntak var dei øvste sosiale

laga som vart hardast råka. Det skulle tyda at matmangel hadde

lite å seia for dei demografiske krisene. 18 Ole Georg Moseng,

også han historikar, nyttar omgrepet eksponeringsrisiko for å

forklara dette. Moseng vektlegg den auka smitterisikoen ved

kontaktflata dei øvste sosiale laga hadde gjennom handel, arbeidskraftutveksling

og ved at handelsborgarskapet gjerne

hadde tilhald i byen og at dei største og mest velståande gardane

ofte låg midt i bygda. Engelsen og Moseng kjem såleis fram til

epidemiar som hovudårsak til demografiske kriser. 19

Mosengs arbeid er for ein del basert på historikaren Sølvi

Sogners gransking av folkesetnadstilhøva på Austlandet i

perioden 1769-1801. Mellom resultata ho kom fram til var

at dødelegheita var ulik i indre og ytre strok, høgast i ytre.

Tendensen synte seg så sterk at han overstyrte den generelle

overdødelegheita for menn – dødsrisikoen var større for kvinner

i dei fem oslofjordprostia i Akershus stift 20 enn for menn i dei

fem indre dalprostia 21 lengst nordvest. 22 Sogners konklusjon var

at ytre prosti var meir epidemieksponerte, og at det forklarer

jamn overvekt av dødelegheit i høve til indre strok. 23 Økonomihistorikaren

Michael Drake var i 1969 den fyrste som brukte

regionale tal i arbeidet med norsk demografisk historie og viste

den demografiske utviklinga i dei fire stifta kvar for seg. Han

fann at Akershus stift i heile perioden 1735-1865 hadde både

høgare dødelegheit og høgare fruktbarheit enn landet elles. 24

Sogners regionale studie av Austlandet var eit arbeid med

problemstellingar Drake anten ikkje hadde føre eller lét stå

usvarte. Ho tok ikkje mål av seg til å arbeida vidare med

skilnadene mellom landsdelane, men til å spora variasjonar

innanfor Akershus stift og finna årsaker bak den høgare

dødelegheita i stiftet som heilskap. 25

Historikar og riksarkivar John Herstad tok i 2000 bispelistenes

tal frå kriseåra til hjelp for å drøfta årsakene bak krisa.

Han vedkjenner dei sterke manglane i tilfanget, særleg for

Trondheim stift, men brukar det likevel som grunnlag for å

finna fram til ”kriseprosti”. Herstad finn regional variasjon,

men problematiserer ikkje motsetnaden kyst/innland. Han har

heller ikkje føre årsakene til at somme område ser ut til å ha

unngått krisa. 26

Hol i forskinga

Dei fleste studiane som er prenta har altså ikkje arbeidd

med skilnadene mellom stifta, eller systematisert variasjonar

innanfor andre stift enn Akershus. Grunnlagsmaterialet er

dei mangelfulle bispelistene, som opererer med store og ofte

samansette prosti som einingar. Det ser ikkje ut til å vera

publisert arbeid som tek føre seg prestegjeldsnivået. 27 I fleire

nyare standardverk 28 er det på grunnlag av kjeldemateriale som

anten er regionalt eller har seinare opphav trekt konklusjonar

på nasjonalt nivå om den demografiske utviklinga etter 1735

generelt og den demografiske krisa i 1740-åra spesielt. Dette

trass i store regionale og lokale variasjonar i næringstilhøve,

geografisk og økonomisk struktur. Spørsmålet vert om Dei

43 kan supplera det rådande biletet av krisa. Tilfanget ser i

demografisk-økonomisk samanheng ikkje ut til å ha vore nytta

statistisk, og generelt berre av Moseng (2003), som skriv at ”Vi

har sett at sognepresten på Eiker mente en flekktyfusepidemi

var årsaken til den høye dødeligheten i 1773, og nyere forskning

har i stor grad bekreftet disse samtidige observasjonene. […] Å

dømme etter svarene [til spørjelista med dei 43 spørsmåla] kan

det synes som om epidemiske sykdommer hejet med uvanlig

styrke også i 1740-årene.” 29 Herstad (2000) attgjev nokre få av

svara frå prestar i Akershus og Kristiansand stift, men har ikkje

brukt talmateriale frå Dei 43 i arbeidet sitt. 30

I tillegg finst lækjar S.W. Brochmanns artikkelserie om norsk

epidemihistorie i Tidsskrift for Den Norske Lægeforening i 1936.

Mange av døma er henta frå Dei 43, men Brochmann har ikkje

føre epidemiar som årsak til demografiske tilhøve. 31

Fødslar og dødsfall

Svartilfanget til dei 43 spørsmåla er samla som avskrifter i

Kjeldeskriftfondets avskriftsamling på Riksarkivet i Oslo.

Originalane er spreidde, dei fleste ligg i Det Kongelige Bibliotek

i København. Svara frå Oslo, Akershus og Østfold er utgjevne

redigert av folkloristen Kristin Mathilde Røgeberg. Området

er relativt komplett dekt. 32 Eg har vald å jamføra det utgjevne

materialet med til no upublisert tilfang frå kystområda i Sør-

Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland.

For Sør-Trøndelag ligg det berre føre svar frå Stadsbygd i Fosen

fogderi. Kystbygdene i Fosen, som dekkjer kyststripa i Sør-

Trøndelag utanfor Trondheimsfjorden, er imedan relativt

like både når det gjeld næringstilgjenge og kommunikasjonsforhold,

33 og Stadsbygd skulle vera representativt. Frå Møre

og Romsdal er det berre frå Sunnmøre prestegjeldsskildringar

finst, men til attergjeld svar på fogderinivå for både Nordmøre

og Romsdal. Kystområda i Sogn og Fjordane og Hordaland er

godt dekte.

I alt har eg vurdert opplysingane frå 15 prestegjeld på

vestlandskysten 34 og 15 prestegjeld i Akershus og Østfold 35 som

kvalitativt gode nok til å laga påliteleg statistikk. Mest sentrale

av opplysingane frå materialet er prestanes svar på spørjelistas

spørsmål 18: ”[…] døde og fødde i nogle af de sidste aar”. 36 . I

alle dei utvalde prestegjelda er tala på fødde og døde oppgjevne

for minst to år 37 (for dei aller fleste tre og for somme fire år) i

perioden 1740-1743, noko som gjer det mogleg å jamføra åra

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!