11.07.2015 Views

Planrapport - Statens vegvesen

Planrapport - Statens vegvesen

Planrapport - Statens vegvesen

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Rv 555 fastlandssambandet Sotra – Bergen.Parsell Kolltveit – Storavatnet. plan nr 20050021og plan nr 19920000Kommunedelplan med konsekvensutgreiingav landskapsbildet i eit større området i kystsonene og sjøområdet mellom Sotra og Bergen. Sjølv omskalaen til ei ny 4 felts bru i tillegg til dagens Sotrabru vil vere stor i høve til det småskala landskapetbruene ligg i, er likevel hovudtrekka i landskapet så markerte og sterke at dei framleis vil verte oppfattasom i dag. På den positive sida vil dagens dominerande kraftanlegg med luftleidningar gjennomDrotningsvik over sundet til Arefjord verte langt i kabel. Etter utbygging av veganlegget vil det vere tobruer over sundet, men ingen kraftleidning. Vegtiltaket vil ha middels til stort negativt omfang i sambandmed brukryssinga. Dette fører til middels til stor negativ konsekvens for landskapsbilete ved ny bru oversundet.Det store og komplekse transportknutepunktet ved Storavatnet vil endre landskapet i daldraget langsØyrebekk og lokalt ha stort negativ omfang og konsekvens for landskapsbilete.Sidan veganlegget vert ført i tunnel over lengre strekningar der det ikkje vert synlege inngrep i landskapeti dette alternativet, får tiltaket middels negativ konsekvens (- -)for landskapsbilete totalt på heilestrekninga Arefjord-Storavatnet.Reiseoppleving vert endra. Dei reisande vil framleis ha opplevinga med å køyre over sundet mellomfastlandet og øyane i vest, men den visuelle opplevinga med å køyre gjennom det flate landskapet påbegge sider av brua der ein kan sjå brua på lang avstand vert endra. I dette alternativet vil ein fråBergensida køyre gjennom ein tunnel som endar nesten utpå brua. Det er fare for at ein har kryssa mykjeav sundet før ein oppfattar at ein køyrer på ei bru over eit sund. Stort kryss og anlegg ved Storavatnet viltruleg verka noko negativt i høve til i dagens reiseoppleving. På den positive sida vil det nye veganleggetopplevast som meir heilskapleg enn dagens meir kaotiske anlegg med mange kryss og ulikeutbyggingsområde inntil vegen. Reiseopplevinga vert totalt lik i høve til dagens situasjon.Alternativ C7/C9Alternativ C7/C9 er som for C7 mellom Arefjord og tunnelinnslag i Søre Drotningsvik. I Alvehaugen påDrotningsvik vert det eit nytt inngrep i landskapet rundt tunnelportalen og i samband med nytt kryss iDrotningsvik. Vidare mot Storavatnet er nytt veganlegg ei utviding av dagens Rv 555. Landskapsverdi ergenerelt middels. Kystsonene/strandsonene har stor verdi.Utviding langs dagens veg gir breiare inngrep og asfaltflate, men den visuelle situasjonen vert truleg ikkjevesentleg endra. Omfanget av landskapsinngrepa er størst i Kiplehaugenområdet og Harafjellområdet derdet må byggast ny tunnel i tillegg til eksisterande tunnel med auka inngrep i landskapet rundttunnelportalane som følgje. I kryssområdet Storavatnet er alternativa C7/C9 og C7 i stor grad like medstort negativt omfang.Konsekvensane for landskapsbilete blir totalt litt større enn for alt C7 sidan det vert inngrep over lengrestrekning, men likevel innanfor same grad; middels negativ konsekvens (- -).Reiseopplevinga vert lite endra sidan det er lange dagsoner og korte tunnelar med om lag same tilhøvesom i dag. Stort kryss og anlegg ved Storavatnet vil truleg lokalt verka noko negativt i høve til i dagensreiseoppleving.Tabell 12.3: Konsekvensar for landskap for alternativ i konsept F: Arefjord - Storavatnet.Alternativ C7 C7/C9Samla for landskapsbilete - - - -Reiseoppleving 0 0Rangering 1= Best 1 2Dei to alternativa er nokså like i høve til det totale landskapsbilete. Det er ny bru over sundet mellomSotra og Bergen som vil gi størst negativ endring av landskapsbilete. Inngrepa på landsidene har meirlokalt avgrensa omfang og har totalt mindre konsekvensar. Alternativ C7/C9 er likevel rangert som nr 2fordi det vert landskapsinngrep på strekninga mellom Drotningsvik og Storavatnet. Alternativ C7 går itunnel på same strekninga.<strong>Statens</strong> <strong>vegvesen</strong> Region vest 136

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!