11.07.2015 Views

Planrapport - Statens vegvesen

Planrapport - Statens vegvesen

Planrapport - Statens vegvesen

SHOW MORE
SHOW LESS
• No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Rv 555 fastlandssambandet Sotra – Bergen.Parsell Kolltveit – Storavatnet. plan nr 20050021og plan nr 19920000Kommunedelplan med konsekvensutgreiingFøreordSambandet Sotra-Bergen har ein viktig funksjon i det integrerte samspelet mellom øyane i vest ogBergensområdet, og er einaste vegtilknyting til fastlandet. Dei siste 10-15 åra har det vore sterk vekst inæringsutvikling, folketal og bustadbygging. Dette har ført til auka trafikk mellom Sotra og Bergen.Sidan Sotra/Øygarden og Bergen har felles bustad– og arbeidsmarknad, er det stor transportaktivitetbegge vegar mellom Bergen og kommunane i vest. Trafikkmengda i 2011 var om lag 26.000 bilar pr.døger (ÅDT) på Sotrabrua. Sotrabrua vart bygd i 1971 for heilt andre trafikkmengder enn i dag. Dagensbru er på to felt, utan gang og sykkelbane. Med den utvikling som har vore på Sotra og Øygarden, er bruai dag ein flaskehals for trafikken til og frå Bergen med kø og store forseinkingar både for biltrafikk ogkollektivtrafikk.Ny samband mellom Bergen og Sotra vil vere viktig for den langsiktige utviklinga på Sotra. Sambandetskal løyse det aktuelle behovet for betre framkomst for alle trafikantgrupper, gi betre tryggleik og mindresårbarheit. Planen for sambandet gjeld både vegsystem, kollektivsystem og gang- og sykkelvegnett.Statens vegvesen Region Vest har arbeidd med planar for nytt Sotrasamband med siktemål å betretransportvilkår mellom Sotra og Bergen, og etablere eit effektivt og trafikksikkert nord - sør samband påSotra.Sotrasambandet har vore delt i 3 planprosjekt: Delprosjekt 1: Fastlandsambandet Sotra – Bergen. Kommunedelplan med KU. Delprosjekt 2: Rv555 Kolltveitskiftet – Austefjorden. Kommunedelplan med KU (”Sotra sør”) Delprosjekt 3: Rv561 Kolltveitskiftet – Ågotnes. Kommunedelplan med KU (”Sotra nord”)Kommunedelplan med KU for delprosjekt 2 og 3 vart vedteke i Fjell og Sund kommune hausten 2009.Parallelle planprosessarHausten 2007 bestemte regjeringa at det skulle utførast kvalitetssikring i tidleg fase, KS1, som inkluderteein konseptvalutgreiing (KVU) for alle store samferdselsprosjekt over 500 mill kr. Sotrasambandet var eittav desse prosjekta.For Sotrasambandet vart det avklart med Samferdselsdepartementet ettervinteren 2008 at prosessenmed KVU / KS1 og planlegging etter PBL kunne gå parallelt og at planprogrammet forkonsekvensutgreiing og kommunedelplan kunne vedtakast når samfunnsmål og konsept var førebelsavklart i arbeidet med konseptvalutgreiinga. I planprogrammet for fastlandssambandet Sotra – Bergenvart det vedteke at alternativ innanfor tre ulike prinsippløysingar skulle utgreiast i det vidare arbeidet medkonsekvensutgreiing og kommunedelplan. Det omfatta både brualternativ og tunnelalternativ. Framlegg tilkommunedelplan med konsekvensutgreiing som var utarbeidd i samsvar med vedteke planprogram, vartlagt fram til offentleg høyring hausten 2008.På denne måten har det vore to parallelle prosessar i det overordna arbeidet med Sotrasambandet derfastlandssambandet Sotra-Bergen går inn som det største delprosjektet.Planprosess etter avgjer i KS1Samferdselsdepartementet har som resultat av prosessen med konseptvalutgreiing og kvalitetssikring itidleg fase (KS1), avgjort (brev av 17. august 2009) at det skal arbeidast vidare med konsept F (nytt 4felts samband med ny 4 felts bru) og konsept J (utviding av dagens veg til 4 felt og ny 2 felts bru i tilleggtil dagens bru) i den vidare planlegginga av prosjektet. Det vil seie at det berre er konsept medbruløysing over sundet mellom Sotra og Bergen som skulle greiast ut i vidare arbeid medkommunedelplan.Etter dette har det vore ein prosess der Statens vegvesen har vurdert aktuelle alternativ innanfor dei tokonsepta, og tilhøve til tidlegare fastsett planprogram. Som et resultat av denne prosessen fatta bystyret iBergen kommune vedtak av 22.03.10, sak 70/10 og 71/10, om å utvide planområdet frå Storavatnet tilLiavatnet.Statens vegvesen Region vest 3

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!