11.07.2015 Views

Planrapport - Statens vegvesen

Planrapport - Statens vegvesen

Planrapport - Statens vegvesen

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Rv 555 fastlandssambandet Sotra – Bergen.Parsell Kolltveit – Storavatnet. plan nr 20050021og plan nr 19920000Kommunedelplan med konsekvensutgreiingKonsept F; nytt 4 felts vegsamband, strekninga Arefjord – StoravatnetAlt C7 og C7/C9På Litlesotra har alt C7 og C7/C9 samanfallande trasé. Begge alternativa går i bru over Arefjordspollenog inn i kort tunnel. Fleire hytter må rivast og vegane kjem nærmare indre Arefjordspollen ogFoldnesmarka. Miljøbelastninga vil auke for eit større del av området, men barriereverknaden vil vereheilt lokal. Ved Mustadvatnet kjem vegen ut av tunnel nordaust for skulen. Dette området er trafikkbelastai dag. Barriereverknaden vil auke noko men ikkje vesentleg. Miljøbelastninga av fire felt i dagen i aust vertoppvege av at traseen går i tunnel rett nord for skulen. Omfangsvurdering på Sotra er liten til middelsnegativt.I Søre Drotningsvik på Bergensida har både alternativ C7 og C7/C9 ei ny veglinje som medfører fysiskeinngrep og støy/luftureining, tett opp til bustadområde som ikkje har slik belastning frå før.Omfangsvurdering av nytt veganlegg lokalt i Søre Drotningsvik er middels til stort negativt.Alternativ C7 går vidare fram til Storavatnet i tunnel og vil heilt eller delvis fjerne biltrafikk frå dagens Rv555 og slik sett redusere barriereverknaden for den viktige kontakten nord-sør i området. Det siste vilopplevast som positivt for området. Kryss med lokalvegsystemet i Drotningsvik vert i stor grad lagt i fjell.Området er prega av stor trafikk og negative miljølaster i dag. Sjølv om ein liten del av- ogpåkøyringsrampane til ny hovudveg vert ført i dagsone, vil lokalområdet totalt få mindre trafikk ogmiljøulemper enn i dag. Middels positivt omfang.Alternativ C7/C9 har eit meir negativt omfang for strekninga fram til Storavatnet fordi det er utviding avdagens trasé i daglinje. Barriereverknaden er der alt i dag, men vil verte auka noko når trafikkarealetaukar. Det vert auka arealinngrep og inngrep i eigedomar langs heile strekninga på grunn vegutvidinga.Middels negativt omfang.I kryssområdet ved Storavatnet vil dagens arealbruk endre seg vesentleg, og barriereverknaden vil aukepå grunn av behovet for eit større trafikkanlegg med større kollektivterminal og innfartsparkering. Mensidan det i kommuneplanen for Bergen er vedteke ein transformering av dagens utbyggingsmønster medspreidde einebustader til næringsområde og større bustadfelt, og at området skal vere eit viktigkollektivknutepunkt, vert området uansett vesentleg endra i framtida uavhengig av veganlegget.Konsekvensane for arealbruk, barriere og nærmiljø vert vurdert i høve til planlagt endring i arealbruken.Utforminga av kryssområdet ved Storavatnet har i hovudtrekk lik løysing i begge alternativ C7 og C7/C9,og konsekvensane er vurdert til å ha lite til middels negativt omfang.Totalt på heile strekninga vil ein vurdere ny veg i alt C7/C9 til å ha middels negativ omfang. I alt C7 medlang tunnel vert det positive omfanget mellom Drotningsvik og Storavatnet vege opp mot det negativeomfanget i dagsona mellom Knarrvika og tunnelinnslaget i Søre Drotningsvik slik at alternativet totalt harlite negativt omfang.Konsept J; utviding av dagens Rv 555 til 4 felt, strekninga Kolltveit - ArefjordAlt J101 og J102Dei to alternativa har same vegløysing, men skilnad i transportsystem. Dei fysiske verknadene vert lik. Påstrekninga Kolltveit – kryss på Bildøy, vert omfanget av vegutviding om lag som for alt C102. Det er vegog mykje trafikk der i dag og slik sett er barrieren der i dag og endringa vil ikkje vere vesentleg.Vidare mot Arefjord forbi Straume fører utviding av dagens veg og justering av kryssområde på Straumemed seg arealinngrep langs heile strekninga, men framleis i ei sone med veg og mykje trafikk i dag.Endringa vil ikkje vere vesentleg.Totalt på heile strekninga er omfangsvurdering lite negativt omfang.Konsept J; utviding av dagens Rv 555 til 4 felt, strekninga Arefjord - StoravatnetAlt J101 og J102Alt J101 og J102 har same vegløysing slik som på strekninga Kolltveit - Arefjord. Alternativa går i dagenstrasé gjennom heile området. På Sotrasida vert det i samband med vegutvidinga til 4 felt, aukabarriereverknad og miljøbelastning i nærleiken av Liljevatn skule og dei bustadområda som ligg langs<strong>Statens</strong> <strong>vegvesen</strong> Region vest 143

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!