11.07.2015 Views

Planrapport - Statens vegvesen

Planrapport - Statens vegvesen

Planrapport - Statens vegvesen

SHOW MORE
SHOW LESS
  • No tags were found...

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Rv 555 fastlandssambandet Sotra – Bergen.Parsell Kolltveit – Storavatnet. plan nr 20050021og plan nr 19920000Kommunedelplan med konsekvensutgreiingAnalysen viser ikkje nokon skilnad på C101 og C102 i konsept F på strekninga Kolltveit – Arefjord medomsyn til risiko eller sårbarhet. Det vert derfor ikkje rangert mellom desse to alternativa. På strekningaArefjord – Storavatnet er alternativ med dagsone og korte tunnelar (C7/C9) vurdert til å ha risiko for tofærre hendingar enn alternativ med lang tunnel (C7) slik at alt C7/C9 er rangert betre enn alt C7. Menskilnaden er liten.Alternativa J101 og J102 i konsept J har same totale risiko for uønskte hendingar. Den viktigasteskilnaden er at J102 har større risiko for personskade i samband med feltskifte i kryss (buss / bil) ennJ101.Den største skilnaden er mellom konsept J og konsept F. Alternativa i konsept J har eit høgare risikonivåenn alternativa i konsept F. I tillegg vil alternativa i konsept J gi stor sårbarhet knytt til regularitet og flyt itrafikken og framkomst for beredskap i samband med hendingar i samfunnet på Sotra/Øygarden. Vedstengt hovudveg vil trafikken søke ut på lokalvegnettet som ikkje er dimensjonert for verken tungtrafikkeller trafikkauke. Dette fører til auka belastning på lokalvegnett. Det kan verte kollaps i lokalvegnettet ogrisikoen for ulukke aukar. Uhell på mindre lokalvegar er meir sårbare på grunn av at vegnettet ligg nærbustader.Tabell 1.2PrioriteringOversikt over rangering av dei ulike vegalternativasamanstilling av Alternativ1 Konsept F - C101/C102 – C7/C92 Konsept F - C101/C102 – C73 Konsept J - J1014 Konsept J - J102KonsekvensanalyseIkkje prissette konsekvensarTemaet er detaljert omtalt i kapittel 12.4Innanfor dei ikkje prissette tema er det ingen alternativ som gjev positivt bidrag til netto nytte. Dette ernaturleg med tanke på at alle tiltak medfører meir arealinngrep enn 0 alternativet og slik sett aukarpotensiale for konflikt med dei ikkje prissette tema.I konsept F, alt. C7 og C7/C9, kan det få ein positiv effekt at dagens kraftleidninganlegg mellomtrafostasjonen i Breivik og trafostasjonen i Arefjord kan verte kabla. Det vil seie at dei negative visuellebarriereeffektane av dette anlegget forsvinn og bandlagt areal vert frigjort.Det er tema landskap, kulturmiljø og nærmiljø som merkjer seg ut med fleste konfliktpunkt med deiaktuelle alternativa. Dei største konfliktpunkta finn ein på Sotrasida, men det er ikkje stor skilnad mellomalternativa. På Bergenssida er det først og fremst nærmiljøtema som skil mellom alternativa.For tema landskap kjem alternativa i konsept J totalt best ut fordi ein i dette konseptet samlar nye inngreplangs dagens veg der det er gjort inngrep frå før. Konsept J der ny bru over sundet mellom Sotra ogBergen vert bygd like nord for dagens bru, gir og minst konsekvensar for opplevinga vår av dettelandskapsrommet med sjø og strandsoner på kvar side. Dette føreset at ny bru vert bygd med om lagsame utforming som dagens bru. I konsept F vert dagens høgspentanlegg med dominerande kraftmastersør for dagens bru, erstatta av ein 4 felts bru.For dei som bur i området, er ny veg i konsept F totalt best når ein ser heile strekninga under eitt. Denløysinga gir størst avlasting av trafikkstøy og luftforureining langs delar av dagens Rv 555 der folk bur tettinnpå vegen, og totalt sett liten belastning av nye område. På Sotrasida vert C101 og C102 totalt sett likei konsept F. På Bergenssida kjem den lange tunnelen i alt C7 i konsept F totalt sett best ut. Men beggealternativa i konsept F fører til nye inngrep og støy- og luftforureining i bustadområde i Søre Drotningsvik/Janavegen vest som til no har vore lite påverka av vegtrafikk.<strong>Statens</strong> <strong>vegvesen</strong> Region vest 16

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!