31.07.2013 Views

Bildning för alla! - DiVA

Bildning för alla! - DiVA

Bildning för alla! - DiVA

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Inkludering kom overraskande inn i læreplanverket for Reform 97. Det har eit

innhald som ligg svært nært opp til den tydinga integrering hadde fått nesten 30 år

tidlegare. Dei mest sentrale elementa i prinsippet om den inkluderande skulen er

å auke elevane si deltaking i og utbyte av skulekulturen og i innhaldet i skulen, og

å redusere ekskluderinga frå den same fellesskapen og det same innhaldet. Inkludering

stiller tydelegare og meir eksplisitte krav til skulen enn det omgrepet integrering

gjorde i praksis. Skulen skal arbeide slik at alle får maksimale vilkår for

utvikling og læring. Det skjer ved at ein tek omsyn til mangfaldet og ulikskapen i

elevgruppa, og det føreset svært variert undervisning og innhald. Litt upresist og

overflatisk kan skilnaden mellom omgrepa formulerast slik: Integrering forventar

at eleven skal tilpassast skulen, inkluderinga at skulen skal tilpassast eleven. I dette

innlegget vil referanseramma vere inkludering, korleis skulen høver for dei elevane

som går der.

inkluderingsomgrepet

Omgrepet inkludering er samansett. Difor må det dekonstruerast og operasjonaliserast.

Med bakgrunn i litteraturen på feltet, har eg gjort det. På ein vertikal

akse handlar det om dei ulike nivåa i forvaltninga frå formuleringsnivået til realiseringa.

Det gjeld statlege politiske intensjonar, grunnleggjande verdiar og overordna

ideologi, via den kommunale organiseringa og reguleringa av skulen, og til

det som konkret går føre seg i praksis i skule og klassar. Horisontalt, kan omgrepet

konkretiserast til fire forskjellige utfordringar:

• Å sikre fellesskapen. Alle elevar skal bli medlemmer av ein klasse eller ei gruppe,

slik at dei får ta del i det sosiale livet der saman med alle andre.

• Å sikre deltakinga, det vil seie å vere engasjert i meiningsfylt aktivitet. Ekte deltaking

føreset at ein er i stand til å gje eit bidrag til det beste for fellesskapen, og at

ein er i stand til og får lov til å nyte av den same fellesskapen. Begge deler ut frå den

einskilde sine føresetnader. Alternativet er å vere tilskodar.

• Å sikre medverknad. Alle stemmer skal verte høyrde. Alle elevar og deira føresette

skal ha høve til å bli orienterte, få uttale seg og påverke det som gjeld deira

interesser i opplæringa.

• Å sikre utbyte. Alle skal ha rett til ei opplæring som er til gagn for dei både sosialt

og fagleg.

Stat

Verdi, ideologi,

politikk

Kommune

Organisering

og vilkår

Skule og klasse

Praktisk handling

Figur nr. 1. Dekonstruksjon av omgrepet inkludering

86 • BilDning fÖr AllA!

fellesskap Deltaking Medverknad Utbyte

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!