31.07.2013 Views

Bildning för alla! - DiVA

Bildning för alla! - DiVA

Bildning för alla! - DiVA

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

undervisning mest ute (20 % av tida). Det er også skilnader mellom klassestega

når det gjeld omfanget av det å vere utanfor fellesskapet. Det stig for kvart av klassestega,

og er høgast i niande klasse. Konklusjonen er at sjølv om dei aller fleste

elevane i den norske skulen er ein del av skulefellesskapet, er det ingen automatikk

i at det gjeld alle.

Deltaking

Å delta handlar om å kunne ta aktivt del i den opplæringa som går føre seg i klasseromma.

Studiane av verksemda i klasseromma tyder på at det er variasjonar i

korleis arbeidet der er lagt opp og går føre seg. Til dømes varierer tid brukt til fag

mykje. I enkelte klassar brukar ein dobbelt så mykje tid på fag som i andre. Vi har

spurt elevar og foreldre om korleis dei opplever og vurderer skulen (Haug, 2012).

Svara er svært positive frå begge hald. Dei aller fleste elevane likar skulen, dei trivst

der. Dei får hjelp av lærarane når dei treng det, dei opplever at dei lærer mykje etc.

Etter foreldra sine vurderingar, er undervisninga variert og tilpassa. Elevane har

godt læringsutbyte, læringstrykket er høgt, og kontakten elev – lærar er god. Elevar

og foreldre er stort sett godt nøgde med skulen og med dei vilkåra for læring som

er der. På same tid kjem det også fram klare meldingar om at desse opplevingane er

påverka av foreldra sitt utdanningsnivå. Di mindre utdanning foreldra har, di meir

negative er vurderingane deira av vilkåra i denne skulen (Bøe, 2012).

Observasjonane av arbeidet i klasseromma viser at det som dominerer, er elevaktivitet

og elevaktive undervisningsformer. Forskinga tyder på at mykje lærarstyring

og elevar som stort set lyttar, har dominert undervisninga i svært mange år

(Sahlström, 2008). Ein ny studie finn ikkje det mønsteret (Haug, 2012). Den viser

at skulen langt på veg har vorte i pakt med dei ideane som har vore presenterte

som ønskelege gjennom svært lang tid, med vekt på elevaktive arbeidsformer. Når

det er fagleg aktivitet, brukar elevane om lag 2/3 av tida til å arbeide med oppgåver

og berre 1/3 av tida til å lytte til lærar. Om vi studerer aktivitetsmønsteret i

ulike grupper av elevar, kjem det fram interessante skilnader. Tendensen i materialet

er tydeleg: Godtfungerande elevar har eit åtferdsmønster som gir langt betre

vilkår for læring enn det elevar som strevar har. Godtfungerande elevar er mest

aktive i arbeidet med oppgåver. Aktivitet er ikkje det same som utbyte, men utbyte

krev aktivitet. Det ligg nært å tru at sjølve hovudmønsteret i undervisninga, med

stor vekt på oppgåveløysing, forklarar dette. Elevar som strevar, meistrar ikkje den

måten å drive opplæring på.

Konsekvensane av denne arbeidsforma kan også sporast hjå foreldra i spørjeskjemadata

i den same undersøkinga (Johnsen, 2008). I heile foreldregruppa meiner

27 % at barnet deira ikkje greier å arbeide sjølvstendig etter ein arbeidsplan. Av

foreldra til elevar som får spesialundervisning, svarer 52 % slik. Nokre foreldre

meiner barnet deira burde ha spesialundervisning, men ikkje har fått det. Av dei

svarar 72 % at barnet deira ikkje greier å arbeide sjølvstendig etter ein arbeidsplan.

Klasseromforskinga rapporterer også andre tendensar som gir eit negativt

bilde av vilkåra for deltaking. Den rapporterer aktivitetar utan klare mål, manglande

system, svake faglege krav og lavt læringspress. Forskinga peikar på ein

del overflatisk aktivitet og mange u-utnytta høve for refleksjon og konsentrasjon

(Klette, 2003). Oppfølginga av enkeltelevar er svak, norske lærarar er mellom dei

88 • BilDning fÖr AllA!

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!