31.07.2013 Views

Bildning för alla! - DiVA

Bildning för alla! - DiVA

Bildning för alla! - DiVA

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

som kontrollerer elevane sine aktivitetar og oppgåver minst i heile OECD-området

(Kjærnsli, Lie, Olsen, Roe & Turmo, 2004; Vibe, Aamodt & Carlsten, 2009).

I internasjonale undersøkingar har det også kome fram at omfanget av uro er

høgt (Kjærnsli & Roe, 2010), noko også elevane stadfester i elevundersøkinga frå

Utdanningsdirektoratet (Oxford Research, 2010). Mange elevar rapporterer om

manglande utfordringar i skulen. Aspirasjonane deira er lave, og motivasjonen til å

arbeide med det skulefaglege er fråverande .

Vurderinga av vilkåra for deltaking, gir eit varierande bilde. Elevar flest har

sannsynlegvis gode vilkår for deltaking. Dilemmaet er at mange ikkje utnyttar dei.

Samtidig er det også klart at ein del elevar ikkje maktar å ta aktivt nok del i arbeidet.

Medbestemming

Medbestemminga er ein viktig del av opplæringa til demokrati. Her ser eg mest på

skulen sin eigen demokratiske praksis. Det vil seie i kva grad foreldre og barn har

god tilgang på relevant informasjon om skulen, og om dei har høve til å diskutere

og påverke saksforhold som gjeld dei sjølve.

Også på dette området, er det positiv semje både frå foreldre og frå skulen. På

eit overordna nivå er samarbeidet framstelt som godt og velfungerande. Når vi går

meir inn på detaljerte og konkrete forhold som gjeld medbestemming, blir biletet

eit noko anna. Det er først og fremst dei foreldra som er på line med skulen som

opplever eit godt samarbeid, og at deira synspunkt blir verdsette og tekne alvorleg.

I ei undersøking skårar informasjon til foreldre og foreldra sine høve til medverknad

lågast av alle dei undersøkte variablane (Haug, 2012). Foreldra fekk spørsmål

om i kva grad dei har høve til innverknad på verksemda i skulen. Både lærarar

og elevar rapporterer om relativt lite elevmedverking både i planlegging og gjennomføring

av undervisninga (Nordahl, 2003). I elevundersøkinga i regi av Utdanningsdirektoratet

rapporterer nesten halvparten av elevane at dei ikkje har innverknad

på arbeidsplanane, og ein tredel seier at dei ikkje får vere med på å vurdere

sitt eige skulearbeid (Utdanningsdirektoratet, 2006).

Også på dette området er det store variasjonar i tilhøva. Trass i at foreldre og

elevar flest uttalar seg svært positivt om skulen, er krava om medbestemming ikkje

oppfylte for mange av dei.

Utbyte

Utbyte handlar om resultat, det som kjem ut av å vere i fellesskapet, vere deltakar

og få høve til medbestemming. Å vere opptekne av slike resultat, har vore kontroversielt

i Noreg gjennom lang tid. Dette er no under endring. Det er innført nasjonale

prøver, eksamensresultata blir offentleggjorde og vi tek del i fleire internasjonale

prosjekt der utbytte er element.

Det kan i aller høgste grad diskuterast kva som er eit godt utbyte av å vere i skulen.

Når vi spør elevar og foreldre om dette, er svaret gjennomgåande svært positivt. Det

gjeld ikkje minst elevtrivselen. Den er gjennomgåande høg. Dilemmaet er at trivselen

blir forklart med det sosiale livet på skulen og ikkje det faglege. Når vi spør

elevane om dei lukkast med faga norsk, matematikk og engelsk, er resultatet særs

høgt. Mellom 87 % og 98 % av elevane gir uttrykk for at dei får til desse tre faga.

hAUg • 89

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!