31.07.2013 Views

Bildning för alla! - DiVA

Bildning för alla! - DiVA

Bildning för alla! - DiVA

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

har vi ein inkluderande skule?

Det er ikkje alltid samsvar mellom dei ulike vertikale nivåa i forståinga av saka.

Dei fire horisontale elementa kan stå i motsetning til kvarandre. Det som tener eitt

av dei, kan lett verte eit hinder for eit anna. I dagens debatt om resultatstyring blir

det t.d. hevda, at kravet til utbyte kan gå ut over alle dei andre elementa skulen er

gitt ansvaret for. Difor må ulike omsyn balanserast i høve til kvarandre, og denne

balansen kan variere frå individ til individ og frå stad til stad. Det finnest heller

ikkje berre ei form for inkludering i skulen. Omgrepet var sterkt assosiert til spesialundervisning,

organisering og innhald. I dag er det langt meir eit omgrep som

gjer greie for hovudgrunnlaget skulen skal arbeide ut frå i høve til alle elevar. Difor

kan vi som regel ikkje observere eller registrere inkludering direkte (Moen, 2004).

Vi er avhengige av ulike former for informasjon om ulike sider ved det som skjer i

skulen, før vi kan konkludere. Det finst fleire empiriske analysar av dei to høgaste

nivåa i modellen (Nes, Strømstad & Skogen, 2004a; 2004b; Strømstad, 2004). Dei

viser at det er stor tilslutning til ideen om inkludering, men di nærare ein kjem

praktiseringa, di meir ulikskap er det i oppfatningane.

Her vil eg kort presentere nokre data om korleis skulen meistrar den inkluderande

utfordringa på det lågaste nivået, det som skjer i skule og klasse. Datagrunnlaget

er publisert forsking og nasjonal statistikk. Omfanget av relevante data

på dette feltet er stort. Eg vel berre å trekke fram nokre få resultat på kvart område.

Det eksemplifiserer og illustrerer tilhøva, og gir eit grunnlag for ei avsluttande

drøfting.

Fellesskapen

Fellesskap i skulen handlar om i kva grad alle elevar er saman i eit sams skulesystem,

i dei same skulane og i vanleg klasse og gruppe. Alle har i dag rett til opplæring.

Dei aller fleste får denne opplæringa i nærmiljøskulen og i vanleg klasse

saman med jamaldringar. I det perspektivet synest alt å vere i orden, nesten alle har

tilgang til fellesskapen. Men det gjeld ikkje absolutt alle. Det er også døme på segregasjon

frå fellesskapen, og på fleire måtar. Det er eit diskusjonstema om privatskular

er eit brot på ideen om inkludering. I Noreg er omfanget av slike skular lite.

Dei gjeld om lag to % av elevane. Ei anna ordning er å etablere alternative organisatoriske

tilbod utanfor den vanlege skulen for elevar som strevar. Slike ordningar

har aukar i mange kommunar, og særleg etter 2005 med den nye reforma i grunnopplæringa

(Kunnskapsløftet). Omfanget ligg no på rundt 2 % av elevane. Det er

mest av desse ordningane på ungdomssteget, men dei omfattar stadig yngre elevar

(Nordahl & Hausstätter, 2009).

Også dei som går i vanleg klasse kan vere ute av fellesskapen. Meir enn 75 % av

spesialundervisninga i skulen føregår utanfor klassen elevane går i, anten individuelt

eller i mindre grupper (Utdanningsdirektoratet, 2010). Eit prosjekt følgde 204

enkeltelevar ein dag kvar (Haug, 2012). Desse elevane er grupperte i to – elevar

som fungerer godt (44 % av observasjonane) og elevar som strevar (56 % av observasjonane).

Elevar som strevar: nokre i gruppa tospråklege elevar, elevar som får

spesialundervisning, fagleg passive elevar og elevar med utfordrande åtferd. Godtfungerande

elevar er dei som lærarane også omtala som idealelevar. Elevane som

strevar er mest borte frå klasserommet. Av desse att er dei elevane som får spesial-

hAUg • 87

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!