31.07.2013 Views

Bildning för alla! - DiVA

Bildning för alla! - DiVA

Bildning för alla! - DiVA

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Måling av elevprestasjonane i desse faga, viser som kjent eit noko anna og meir

variert resultat. Det går fram av dei internasjonale undersøkingane vi er med på

t.d. PISA (Kjærnsli & Roe, 2010), og det går fram av analysane av dei nasjonale

prøvene (Bonesrønning & Iversen, 2008). Også det store fråfallet i vidaregåande

skule blir relatert til utbytet i grunnskulen. Karakterane på ungdomstrinnet, er

den største predikatoren på korleis eleven vil klare seg i vidaregåande (Markussen,

Frøseth & Sandberg, 2011). Utbytet av opplæringa følgjer også ein bestemt systematikk

i kva grupper av elevar som lukkast og ikkje lukkast. Det mest påtakelege er

at jenter presterer betre enn gutar i nesten alle fag. Elevar med foreldre med låg kulturell

kapital det vil seie lite skulegang, presterer systematisk dårlegare enn elevar

med foreldre med høg kulturell kapital. Skilnadene er svært store for yttergruppene.

Elevar med norsk som morsmål presterer systematisk betre enn elevar med

norsk som andrespråk, trass i at mange av desse elevane legg svært mykje energi i

skulearbeidet, ofte meir enn dei tilsvarande norske elevane.

inkluderande skule?

Konklusjonen på dette forsøket på å finne ut av kven skulen er for, gir ikkje utan

vidare noko heilt klart og eintydig svar. Det oppsummerande svaret må bli gjort ut

frå fleire perspektiv. Vi finn at svært mange elevar og foreldre er nøgde når dei vert

spurde om det. Ein stor majoritet av dei oppfattar tilhøva på alle dei fire variablane

langt på veg positivt. Det bildet gir med andre ord omfattande støtte til at vi har ein

skule som fungerer inkluderande, og som gir svært mange elevar gode vilkår. Elevar

og foreldre er meir tilfredse med tilhøva, enn det som har prega mykje av den

offentlege debatten.

Denne konklusjonen står i motsetning til resultata som kjem fram i registreringane

av aktivitet og resultat. Det er store variasjonar i fellesskap, deltaking, medbestemming

og utbyte mellom klassar og grupper av elevar. Det indikerer at foreldrebakgrunn

og lærarkompetanse er avgjerande for resultatet på dei fire variablane.

Den samtidige retorikken er svært oppteken av at læraren er viktig. Her er eit klart

døme på at det slår gjennom.

Det går også som ein raud tråd gjennom materialet at enkelte grupper av elevar

kjem dårlegare ut enn andre, og på alle variablane. Resultata indikerer til saman at

vi har ein skule som i større grad praktiserer integrering enn inkludering for ei relativt

stor gruppe elevar. Merksemda er mest på å halde dei innanfor fellesskapen, og

mindre på å legge til rette for at dei skal ha utbyte av tilhøva. Det kunne ligge nært å

meine at for nokre fungerer skulen inkluderande, og for andre segregerer han både

sosialt og fagleg. Når eg ikkje gjer det, er det fordi ein skule som berre fungerer etter

intensjonane for eit utval elevar, ikkje kan eller bør kallast inkluderande. Konklusjonen

er at skulen fungerer godt på mange område for mange elevar, men at det på ei

rekkje område er det eit potensial for ein meir omfattande inkluderande praksis.

Mønsteret er veldokumentert og står i kontrast til den utdanningspolitiske retorikken

om skulen for alle, og om at alle skal trivast og utvikle seg der. Det kan sjå ut

som om skulen til ein viss grad er elitistisk, tilpassa dei flinke, dei veltilpassa og dei

med rett bakgrunn (Haug, 2003). Skulen passar med andre ord ikkje like godt for

alle. Det samsvarar heller ikkje med ønsket om at skulen skal verke sosialt utjamnande.

90 • BilDning fÖr AllA!

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!