27.07.2013 Views

alt mellom himmel og jord - Lokalhistorie.no

alt mellom himmel og jord - Lokalhistorie.no

alt mellom himmel og jord - Lokalhistorie.no

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Svein Ivar Langhelle

166

Årsaksforklaringar

Før eg går vidare, vil eg kort peika på at kombinasjonen av

omfattande haugianske vekkingar og endringar i etiske standardar

før 1850 først og fremst er eit sørvestnorsk fenomen. Andre

stader finn ein dette på mindre, geografiske område, men ikkje

i ein større, samla region.

Når me skal søkja etter forklaringsfaktorar på dette fenomenet,

må me ikkje berre sjå på det me kan finna av pietistisk prega

arv frå 1700-talet. Me må også sjå på dei omfattande samfunnsmessige

endringar som skjedde som ei fylgje av gode tider

for sildefiskeria frå 1815 av, endringar som virka oppløysande

på det gamle bondefellesskapet på ein måte som kanskje kan

samanliknast med fylgjene av industrialiseringa. Når gamle

rutinar går i oppløysing, vil mange oppleva at moralske og eksistensielle

dilemma blir særleg tydelege. Nokre tyr då til meir

tradisjonelle autoritetar slik dei finn desse i heilage, religiøse

skrifter. Vidare bør me sjå på dei erfaringane som bøndene i

denne landsdelen hadde hausta i stridane dei hadde hatt med

embetsverk og byborgarar. I tillegg kjem impulsar som dei kan

ha henta frå den langvarige og relativt omfattande kontakten

med dei kalvinistiske landa Skottland og Holland. 16

Kontekst

Dei vakte appellerte til dei tradisjonelle, religiøse autoritetane

og stod solid forankra i det premoderne verdsbildet. Forma dei

nytta, var derimot radikal og banebrytande for den moderniseringsprosessen

som i og for seg kan ha vore noko av årsaka til

det religiøse opprøret deira. I realiteten var dei tidlege vekkingskristne

faneberarar for det personlege, religiøse valet. Litt forenkla

kan ein seia at dei vekkingskristne nytta morgondagens

metodar til å fremja gårsdagens svar på samtidas utfordringar.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!