26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

strekt opp på plenen der det står ei sandkasse med leiker i. På framsida av huset

er det terrasse med utemøblar og grill. Olabilar og trøtraktorar står lett spreidd

ved inngangen. I staden for dørklokke er det ein hakkespett. Ein dreg i ei snor,

og nebbet hakkar mot veggen.

Ei ljos stemme ropar ”Kom inn!”

Idet ei kvinne med eit hår like ljost som stemma opnar døra. ”Else” er trettito år

og sjukepleiar. Mannen hennar pendlar i lengre intervall, slik at dei daglege

gjeremåla i familien fell på henne. Han er ikkje heime, og dei to ungane er på

skulen når eg kjem.

Else viser meg rundt i huset. Frå den flislagde gangen gjeng det ei trapp opp til

andre etasje der ungane har roma sine. Der er det TV-stoge med playstation, eit

bilratt som høyrer til spelet tronar over eit bilsete slik at bilspela skal kjennest

mest mogleg autentiske. Ungane og mannen spelar bilspel forklarar Else. Sjølv

er ho ikkje interessert og tykkjer det blir for mykje speling.

I fyrste etasje er det eit stort bad og vaskerom, kjøkken, stoge, bibliotek og

kontor. Alle veggane er i trekvitt panel og dei fleste møblane er i ubehandla

furu. Me sit i ein raudleg skinnsofa under intervjuet. Herfrå ser me alle tinga i

stoga. Me ser mellom anna porselensdokker, kattefigurar, fotografi, antikvitetar,

potteplanter og landskapsmåleri. Det er nokså fullt av ting i huset.

4.4.2 Gåver

I byrjinga av intervjuet leitar me etter ein tone som fungerer, og me brukar litt

tid på å koma i gang. Verdifull informasjon om Elses verdisett kjem fram i

samtalen. For henne er det som er flott ikkje knytt til kva ting kostar, men til

historiane som følgjer tinga presiserer ho. Difor er ho ikkje oppteken av at

interiøret skal ha ein stil, reindyrka interiørstilar verkar upersonlege for henne.

99

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!