26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Denne studien høyrer til i ein fraksjon som knyt seg til Cultural Studies med

omsyn til tema. Interessefeltet ”samtidskultur”og kulturomgrepet ”Culture is

ordinary” knyt oppgåva til det britiske Cultural Studies. Med denne tilknytinga

har oppgåva vekt på meining. Slik vert identitet og subjektivitet til relevante

omgrep. Med desse omgrepa har eg kome inn i ei slags ”fagleg vandring” som i

alle fall har tre identifiserbare ankerfeste. Det eine er det tverrfaglege

teorigrunnlaget frå Kulturstudier i Bø, det andre er fenomenologien som metode

og filosofi, medan det tredje er festa i idéhistoriske perspektiv. Dette gjev

grunnlag for ein fagleg pluralisme som kan seiast å vera (denne studiens og) dei

ulike kulturstudianes styrke og svakheit, alt etter kva ein kjenner for.

Det finst forventingar til form og innhald i ei masteroppgåve, og desse kriteria er

ikkje klinkande klare. Men i den fenomenologiske metoden oppfattar eg det som

heilt klart at den sanninga ein kan vete noko om, er kva som kjennest som sant

for informanten. Dette har vore styrande for måten eg har gjort framstillinga på.

Utforminga av oppgåva er basert på ei tankerekke der eg har som mål å

framstille informantens verkelegheitsforståing så godt som råd er. Gjennom dei

kvalitative intervjua og den fenomenologiske metoden vert det mogleg å

oppdage meininga i kvardagslivet. Menneska er kulturelt situerte sjølv om dei

har individuelle verkelegheitsforståingar. Dei subjektive forståingane fungerer

som portopnerar til dei kulturelle verkelegheitane. Om eg lukkast i å få fram ei

forteljing om den norske samtidskulturen i denne studien så skuldast det i stor

grad metoden.

Så vidt eg kan skjønne er Husserls oppfordring om ”å gå til saka sjølv” også eit

spørsmål om korleis ein gjeng til saka. Den valde forma får ein konsekvens for

teksten. Fram til empiridelen vil den antakeleg kjennast tyngre i framstillinga.

Omgrepa som vert presenterte som sentrale i teorien er til for å kaste ljos over

empirien. Dette må nemnast i den faglege situeringa fordi forma bryt med andre

framstillingar innanfor kulturstudier som eg kjenner til. Det kan hende at ein

17

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!