26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

”Men trur du, eller opplever du at.. at dei tinga du har fortel noko om deg?”

undrar eg.

”Ja, det gjør de nok. Men jeg tror de forteller historien for noen år tilbake.”

seier Anne.

Kven som kan koma på besøk og ikkje vert interessant å analysere fordi ho

kontekstualiserer det i høve til identiteten sin. Ho seier at den ho er vert ståande i

ulike ljos alt etter kven ho møter. I høve til arbeidskollegaene tykkjer ho at det er

vanskeleg å vise fram heimen sin. Ho ønskjer eit skilje mellom privatliv og

arbeid som også gjeng på at dei ho arbeider saman med ikkje bør få innsikt i

heimen. Heimen vert sett som ein representasjon av kva ein greier og ikkje,

meiner ho. Ho tenker dårleg om seg sjølv når andre har evne til eit høgare

forbruk og dyrare ting. Med andre ord knyt ho fattigdomen til eit mogleg teikn

på kven ho er ovanfor dei andre. Fattigdomen vert eit åtak på integriteten. Å

vera selektiv i høve til kven som slepp inn vert ein måte å verne integriteten på.

Det ho skildrar liknar ei skamkjensle. Det er karakteristisk for skamma er at den

er påført av andre. Den krenkar integriteten fordi den gjev mennesket ei kjensle

av å ikkje bli akseptert. Førestellingar om kva andre ser, tenker og trur er

forankra i kva ein trur dei andre tenker. Det tvitydige og uklare gjev grobotn for

skam (Frønes 2001:73).

I møte med andre som har betre økonomi trer hennar ting fram som mindre verd.

Skamma over det materielle er kontekstuell i høve til kven dei andre er.

Fattigdom og normalitet vert to ulike storleikar som ekskluderer einannan i det

velståande Noreg. Skiljet mellom dei fattige og dei andre føyer seg inn i ein

normalitetsdiskurs som kan knytast til konstruksjonen av nordmannen (Sirnes

1999: 35, 37). Integrasjonen til det norske innebar normer der førestellinga om

heimen hadde ein avgjerande plass. Standarden på reinhald, møblar og utstyr

vart til teikn på moralsk standard. Korleis heimen var vart til eit teikn på om

110

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!