26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Inngangen til å snakke om biletet er at ho seier at for henne er kunst noko som er

fint å sjå på, og at ho likar naturskildringar. Kunst høyrer ikkje til det vakre, men

til noko dekorativt for Gitte.

”Du likar naturbilete?” spør eg.

”Ja, jeg gjør det! Egentlig så er ikke jeg så glad i abstrakt kunst. Jeg vil ha det

sånn som den, jeg” seier ho og peikar mot eit landskapsmåleri i dust grønt og

brunt med eit stort tre i høgre forgrunn, nokre rådyr litt lengre unna, og ei

ljosare blå horisontlinje.

”Ja?” svarar eg.

”Men jeg ser en annen ting også i treet som jeg synes er litt artig, men det er en

symbolikk, og jeg vet ikke om den er riktig, men når du ser det store,

dominerende treet i front, så på en måte så syns jeg det gir uttrykk for et sinne.

Og så har du de uskyldige, rolige dyrene i bakgrunnen mot en horisont som

lysner. Skjønner du hvor jeg vil hen da?” ho vender seg direkte til meg.

”Ja! Det er håp? Det blir bedre etterpå?” prøvar eg.

”Ja! Og det var det som gjorde at jeg falt for bildet. Fordi at det har noe sånt

voldsomt over seg samtidig som det har en ro videre framover.” seier Gitte

Ting kan symbolisere noko som har skjedd, og noko ein håpar at vil skje.

Gjennom å snakke om biletet gjev Gitte uttrykk for eit håp for framtida. Ho

ønskjer at det vil bli rolegare.

Hjå Gitte ser tinga ut til å verke som støytputer mot verkelegheita. Tinga hennar

verkar mot uro. Noko av uroa kjem frå minna. Minner kan knytast til tid. Det

ligg mange tankar bak innreiinga av roma. Det interiøret Gitte har valt finst ikkje

i vanlege møbelbutikkar, ho fortel korleis ho har bruka tid og krefter på å finne

dei rette møblane. Til gjengjeld funklar tinga mot henne som ei motvekt til uroa.

72

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!