26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ein botnklang i oppgåva, men det vert gjort til eit relevant perspektiv i

konklusjonen.

1.1.2 Tinga og menneska

Eg lurar på om forbruket kan forklarast kulturelt og kva ein då finn. Tittelen

”Kva er ting for menneska” bør knytast til informantane. Oppgåva gjev seg ikkje

ut for å forklare noko som gjeld heile menneskeslekta. Når informantane har

fortalt om tinga har den personlege horisonten deira kome fram. Det kjem ulike

verkelegheitsforståingar 1 til syne. Tinga ser ikkje ut til å vera sjølvrefererande,

dei handlar i stor grad om menneska. Eg har vorte overraska over kor eigna ting

er til å bera forteljingar. Verkelegheitsforståingane har kome fram gjennom

samtalar om tinga.

Det ligg ei kulturell bekymring bak utforskinga fordi eg er redd at det som er

skadeleg for naturen også er skadeleg for kulturen. Skal tru om det verkeleg

berre er status, praktiske behov og god økonomi som ”gjer” forbruket, eller om

det kan hende at andre krefter er verksame, og korleis verkar eventuelt desse

kreftene? Det lyt til at stadig fleire kjenner seg pressa ut (ekskludert) av

arbeidslivet. Talet på uføretrygda aukar raskt. Det finst ekskluderande

mekanismar som kan sjåast frå ulike hald. I denne studien har omgrepa

inklusjon og eksklusjon verka oppklarande i forståinga av djupare kulturelle

strukturar.

1

Ordet verkelegheit kan bytast ut med ordet røyndom på nynorsk. Men eg har valt ei meir

direkte oversetjing av det bokmålske ordet ”virkelighetsforståelse” sidan det er eit mykje

brukt omgrep i dei teoriane eg nyttar i oppgåva.

12

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!