26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

5.1.2 Har Noreg ein æreskultur?

Korleis ein brukar blikket har noko å seie for kva ein får auge på, og sjølve

oppgåvas tema kan knytast til ei sterk merksemd mot det visuelle. Dette kan ha

ei kulturell forklaring.

Utan menneske med synssans ville korkje naturvitskapen eller

samfunnsvitskapen ha vore forska på med dei metodane som dei har opparbeidd

seg. Om me i staden for ein biletkultur til dømes hadde ein luktkultur (slik

mange dyr har) ville metodane ha vore annleis. Kanskje ville heile tankegangen

ha endra seg. Difor er det eit poeng å reflektere over kva me brukar blikket til og

korleis det vert til eit fortolkande instrument. For naturvitskapen er blikkets

oppdaging av objektet ein føresetnad. Objektet skiljast ut frå omverda og vert

kontekstlaust. Det kontekstlause objektet kan vera utan kontekst fordi det berre

er forhold i objektet sjølv som skal undersøkast, slik kan objektet sjåast isolert.

Men det situerte subjektet forsvinn i ei slik førestelling.

Moral og ære er på ein gong individuelle og overindividuelle storleikar. Det kan

knytast til kva som er reint og kva som er ureint, som i det greske katharsis (jfr

Aristoteles). Dagens katharsis har andre former enn den greske. Når reint og

ureint skal skiljast frå einannan vert det uklart kva som er kva. Det som er reint

for meg kan vera ureint for deg. Og dette er det til ein viss grad rom for. Det gjer

moralen vanskeleg å få auge på. Men det at den ikkje stikk seg fram tyder ikkje

at den er forsvunne. I staden for har moralen gått i dekning bak ei rekkje uttrykk

som gjer at somme meiner at den ikkje lengre er til stades i vesten. Den

amerikanske historikaren Christopher Lasch meinar ifølgje Finn Skårderud at

det ansvarlege mennesket gjeng i oppløysing i ein tolerant vestleg kultur. Med

dette forsvinn skamma. Når skamkjensla vert borte forsvinn skiljet mellom det

private og det offentlege livet, og i det same skyljast tryggleiken bort. For

idealet om blottstilling og avsløring gjer at dei sosiale køyrereglane forsvinn.

124

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!