26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

4.4.1 Matriarken

For ”Else” er gåvene vevde inn i historiar om kjenslemessig nære relasjonar.

Dei tinga som er arva er knytt til historia om henne sjølv og familien. Ho tenker

i slektslinjer og ser seg sjølv som mogleg fordi det har vore kvinner før henne.

Takk vere dei finst hos sjølv. Fordi ho tenker slik er historieforteljing viktig.

Kvar ting har si historie som følgjer med gjevaren av tingen. Tinga er gåver som

organiserer eit nært persongalleri og med dei følgjer det forteljingar knytt til

identitetar i familien. Desse einskilde identitetane vert integrert i familien ved

hjelp av historiane. Historiane forteljast av den som forvaltar det sosiale i

familien og hugsar fødselsdagar og andre merkedagar. Her er det kvinna.

Kvinna ser ut for å vera matriarken som tek vare på dei sosiale relasjonane og

som syter for at slekta og familien kjenner einannan. Omgrepet ”matriark” kjem

av det latinske ordet for mor, ”mater”. I ordboka vert eit matriarkat forklart som

ei samfunnsform der mora er familiens overhovud. Når noko er matriarkalsk er

det morsstyrt (Guttu 2005: 732). Ein heim kan sjåast som eit lite samfunn. Det er

slik eg brukar omgrepet her, for å syne korleis denne heimen er styrt av mor og

at dette kan sjåast som ein maktposisjon. Men denne maktposisjonen er kan

hende så sjølvsagt og kulturelt internalisert at me vanskeleg får auge på den eller

tenker på den som maktfull. I ei Luhmannsk forståing av makt vil

kommunikasjonane vera vesentlege. Luhmann vil meine at om ein vil oppdage

makt er det naudsynt å få auge på kommunikasjonar som skjer innan konteksten.

Dette er ofte vanskeleg idet me sjølve ofte er ein del av den (Sand 2000:52). Her

spør eg om det finst ein matriark som er maktfull i det private og den sosiale

konteksten for det private.

Else bur i eit relativt nytt byggefelt saman med mannen sin og dei to borna som

går i barneskulen. Huset og garasjen er beisa i ein brun tone og det står ein

skigard kring tomta. Utanfrå gjev det heile eit solid uttrykk fordi materiala er av

grov dimensjon. Dei har bygd huset sjølve for ti år sidan. Eit badmintonnett er

98

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!