26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Gitte er aleine heime når eg kjem. Ho helsar meg hjarteleg velkommen og seier

at ho har førebudd seg på at eg skulle koma. Me har gjort avtale på telefonen

fyrst, og eg har nemnt kva eg vil spørje henne om. Me gjeng gjennom fyrste

etasjen og stoppar stadig opp og ser på ting medan ho fortel små historier om

dei. På den måten får eg ei innføring i tinga allereie før intervjuet startar. Ho

spør kvar me skal sitje, og me vert einige om at peisestoga er det romet som har

flest viktige ting for henne. Difor gjeng intervjuet føre seg der.

4.1.1 Rom og uro, ting og TV

Å koma inn til Gitte er å trø inn i eit

univers av barokke møblar dekte med

bladgull der runde former og mørke

raude, grøne, brune og blå fargar

pregar interiøret. Der er fleire

glasskap med små ting i, som

sølvskåler, porselen og pynteting.

Veggane har engelsk tapet og

palisander. Små utstoppa dyr er

spreidd mellom dei andre tinga, nokre

av dei utstoppa dyra er i glasskåpa

medan andre er på greiner på veggen

eller på langbordet i den store stoga.

Ting som tyder mykje for Gitte anten

ved å vera vakre eller ha affeksjonsverdi eller begge delar stend i det same romet

som TVen. Media trenger inn i romet med bilete frå verda og endrar romet for

Gitte. Tinga er der fordi TVen er der, for at blikket kan flykte bort frå TVen og

til det ho tenker på som dei kjærleiksberande tinga.

68

Figur 4: "Dei runde formene er venlege"

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!