26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

I dette ligg også ei kulturell løysing. Det som er miljøvenleg er også

kulturvenleg dersom verdien inklusjon vert sett i sentrum. Inklusjon vil seie å

involvere seg i andres liv, og å sjølv bli involvert i deira liv. Eg finn her grunn til

å peike på skilnaden mellom inklusjon og toleranse. Omgrepet toleranse er

mykje brukt som eit positivt lada ord i politikken. Men toleranse og inklusjon er

ikkje det same. Inklusjonen er ei handling der ein anerkjenner den andre som

subjekt.

Å tolerere tyder ifølge framandordboka ”å tåle, finne seg i, vise fordragelighet

ovanfor” (Berulfsen: 1978). Toleranse inneber at ein må overvinne noko ein

kjenner motstand mot gjennom å finne seg i at noko er til stades. Eg kan til

dømes tolerere at andre kvinner ber hijab. Men det vil berre seie at eg let dei gå i

fred. Toleransen krev ikkje engasjement, men likesæle. Å bli tolerert er å bli tålt,

det er krevjande for den som skal tolerere. Intoleransen vibrerer rett under

overflata på toleranseomgrepet. Det vil seie at toleranse er eit farleg politisk

omgrep sidan det er eigna til å dekke over ein motvilje mot inklusjon. Det er

altså mogleg å ha ei haldning som eg vil kalle ein ”borderlinemodus”. Denne

haldninga gjev seg ut for å vera venleg medan den i grunnen tvilsamt er det.

Inklusjonen skjer i dialogen, ikkje gjennom toleransen. Kva som styrkar

sjølvkjensla er knytt til menneskelege relasjonar. Ting kan minne om inklusjon

og dialog og såleis vera eit prisme for noko anna enn seg sjølv. Gjennom

inklusjonen anerkjenner ein den andre som subjekt. Integriteten ber verdigheita

og heilskapen til subjektet. Det refleksive mimetiske forholdet gjer det mogleg å

overføre eit slikt retorisk element til tinga. Tinga kan tale om viktige andre, og

med dette kan dei bera i seg alle slags hendingar og stemningar.

Det er mogleg at ei viktig side ved forbrukskulturen kan knytast til ubehaget

dersom ein ser kasting som ein mentalhygienisk praksis. Den rasjonelle

arbeidstida dekker over ein kulturell praksis som nærmar seg trua på magi.

Medvitet om at tida vert betalt for kan skape særskilte praksisar. Med

137

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!