26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

kropp når ein ser nedover seg sjølv. Dei andre kroppane i romet kan også sjåast

på same måte som gjenstandane fordi dei er romlege storleikar.

På den andre sida er kroppen likevel ikkje ein gjenstand. Den har ein annan

status som kan setjast i samband med eigenviljen og evna til rørsle. Kroppen er

ein føresetnad for identitet, den situerer mennesket som eit kroppsleg

persiperande individ. Eit trykk mot huda med ein viss motstand eller

ettergjevnad inneheld informasjon om tingen (ibid: 35). Tinga etterlet seg noko

me kan hugse. Og dei fører til improvisasjon i dei daglege handlingane (Abram

2005: 58).

Det ein ser vil skifte etter kor ein står slik horisonten i landskapet endrar seg

med at ein beveger seg i det. Blikket kan vendas mot det tome eller mot det som

er til stades. Kva blikket vandrar mot styrer også resten av kroppens rørsler.

Ting kan føre til mentale fokus, og påverke den kroppslege rørsla. Ved å sjå

kroppen som ein romleg storleik objektiverer ein kanskje subjektet, men

subjektet handlar med omsyn til det som er ikring. Subjektet er på staden

gjennom ein ”stad-væren” 3 .Ved å få fram dei subjektive historiane vert likevel

ikkje mennesket gjort til objekt. Kant slår fast at alt som eksisterer eksisterer i

tid og rom. For Kant er dette viktige erkjenningskategoriar (Lübcke 1996: 293).

Ein lyt forstå hans vekt på romkategorien gjennom å situere han historisk og

stadleg. Omgrepa rom og stad lyt som nemnd ofte til å bli knytt til to ulike

tankesett der det eine kan knytast til det mekanistiske verdsbiletet (rom) og det

andre kan knytast til kritikken av dualismetanken (stad). Men omgrepa stad og

rom kan diskuterast ytterlegare. Omgrepet stad situerer subjektet og ser det som

opplevande og erfarande innanfrå. Persepsjonen skjer i stader som ein dialektikk

mellom staden og mennesket. Gjennom sansinga opplevast staden innanfrå. Me

3 ”Stad-væren”: Eit omgrep som Inger Birkelands kom på under ei rettleiing og som viser til

at også staden har sin eigenart, sin ”væren”. Sjå avklaringa av omgrepet ”væren”.

32

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!