26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

stad er ein annan stad, i kjellaren i det eine høvet og i garasjen i det andre høvet.

Det er stort sett kvinnenes ting som er synlege, det kan sjå ut for at kvinnene er

portvakter for kva som skal vera i huset.

Hjå Ingunn og Ivar er mannen ein integrert del av heimen, hans avgjersler og

ting er synlege som tekniske løysingar. Han har kunnskap om og interesse for

heimen. Kanskje det er fordi han er inkludert i og ikkje ekskludert bort frå makta

til å definere kva for ting som skal vera i heimen.

Jon på si side seier at om det hadde budd ei kvinne saman med han, så er det

ikkje sikkert at han hadde fått lov til å ha tinga sine framme. Slik eg har

analysert intervjuet med så Jon er interiøret viktig som samband mellom det som

er ute og det som er inne. Dette er fordi det er med på å konstituere sjølvbiletet

hans. Om dette er rett så har det noko å seie for Jon om tinga er der eller ikkje.

Anne forklarer korleis ho kan kjenne skam over korleis tinga vert lesne av andre.

Den materielle standarden hennar er med på å bestemme kven ho sjølv

ekskluderer frå heimen, fordi ho sjølv kjenner på ekskluderande mekanismar

som trer i kraft idet andre som forvaltar normaliteten set eit likhetsteikn mellom

det ho greier og det som er hennar ting-univers.

Ting ser ut for å føre dialogar med dei som møter dei. Men kva dei seier

skuldast i større grad det situerte subjektet enn tingen i seg sjølv. Dette kan

knyte ting og makt saman fordi skilnaden mellom den som definerer og den

definerte kjem til syne. Her er kvinnas definisjonsmakt heime interessant.

Det er ein relasjon mellom den som har tingen, og tingen. Om ein har makt til å

inkludere eller ekskludere tinga til dei andre i heimen så kan det ha noko å seie

fordi tinga verkar refleksivt med forteljingane om tinga. Definisjonsmakta i

heimen leier til handlingar som har vore lite diskuterte, og kan hende er det fordi

kvinnas makt har vore usynleg. Men om ”matriarkat” tyder ”kvinnestyre,

samfunnsform hvor moren er familiens overhode” (Guttu 2005: 732) så meiner

129

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!