26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

kunsten for Baudelaire. Det som mennesket viser seg fram saman med fortel om

mennesket.

Sirnes hevdar at media gjennom framstillingane sine har vorte ”den fremste

normaliseringsinstansen i samfunnet” (Sirnes 1999: 55). I 1920-åra, då

reklamebransjen for alvor tok til å vekse, dreidde fokuset på utsjånaden mot det

forteljande imaget. Reklamebransjen dreiv ei form for folkeopplysing der

forbrukaren vart lært opp til å avgjera kven dei andre var ved å kaste eit blikk på

dei. Reklamebransjen vart ein viktig leverandør av rollemodellar og forførerisk

retorikk (Myrvang 2005: 113). Dette innebar ei vidareføring av eit protestantisk

frelsesetos, og braut såleis ikkje med kulturelle krefter som allereie var

verksame. Snarare henta reklamebransjen mykje av energien sin frå dei

protestantiske ideala. Eigenterapien var ein sentral bodskap, ein kunne kaupe seg

ut av si eiga elende. Eigenterapi er også sentralt i protestantismen, der ein aleine

står ansvarleg ovanfor Gud. Gud hjelper den som hjelper seg sjølv (Weber 1995:

81). Gjennom det ein kaupte vart ideala synlege (Campbell 1987: 117). Tinga

vart bevis på kven ein var. Utsjånaden blei eit vitne om kven ein ville vera og

kven ein makta å vera. Viljen til innsats vart synleg gjennom forbruket og ein

lærte å lesa andre menneske gjennom tinga deira. Med dette vart det overført eit

retorisk element til tinga. Tinga tok til å tale, for reklamen hadde gjeve tinga

bodskap (Myrvang 2005: 116, Campbell 1987: 117, 211-215). Instrumentet for å

oppdage bodskapen var blikket.

Det visuelle blikket var eit nytt blikk, og det hang særskilt saman med

framveksten av filmmediet. Det nye blikket var også eit ”tyrannisk blikk” som

førte til ei intensivert investering i objektas overflate (Myrvang 2005:113).

Framveksten av tertiærnæringane gjorde reklamen viktig. Desse næringane

skulle argumentere for at det var bruk for dei, og reklamen fann opp nye behov.

Når reklamebransjen fekk gjennomslag for retorikken sin og ”gjekk inn” i

kulturen fekk det objektiverande blikket ideelle hjelpemiddel. Forbruk kan

126

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!