26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

kjønna. Når me seinare kjem til kulturanalysen vil det koma fram korleis mitt og

informantens kjønn vert relevante for tilgangen på informasjon om tinga.

Den sosiale situasjonen vert påverka av den haldninga som ein deltek med. Å

samtale er å delta i det same augneblikket. Den haldninga ein gjeng inn i

samtalen med slår ut i kroppslege praksisar, og vil såleis bli synleg for den

andre. Innanfor teateret er haldninga til dei andre eit verkemiddel for å få fram

karakteren i rolla. Det kallast å legge statusen sin over eller under dei andre. Å

legge status er eit effektivt verkemiddel fordi tankar ein har om seg sjølv i høve

til dei andre slår ut i kroppslege praksisar, hevdar teaterinstruktøren Johnstone

(Johnstone 1987: 64). Kunsten å ta roller ligg nettopp til teateret, ikkje til det

private. Når ein brukar rolleomgrepet peikar det opphavleg på ein profesjon som

ligg til skodespelaren. Det er relevant å dra inn kjennskap frå teateret fordi der

finst ekspertar på utforming av kroppslege praksisar og her kan ein knytte

Skjervheims omgrep ”angrepshaldning” til eit kroppsleg uttrykk. Dei kroppslege

uttrykka kan sjølvsagt vera meir eller mindre artikulerte.

Informanten og forskaren deltek i same romet samstundes. Det gjeng føre seg eit

samspel. Eit sentralt ideal innan kvalitativ metode er at forskaren er mest

mogleg tett og direkte i kontakt med det som studerast (Repstad 1998: 14). Når

ein studerer sin eigen samtidskultur er ein svært tett på og ein kan kome til å stå

så nær at ein ikkje ser kulturen fordi ein sjølv er ein del av den. Om ein skal

stille det sentrale spørsmålet ”Kva ser dei seg sjølve gjera?” (ibid: 16) lyt ein i

dette tilfellet få auge på at dei gjer det. Nettopp det er ei utfordring når ein

forskar på sin eigen kultur. Det daglegdagse er vondt å få auge på. Det ein ikkje

ser i kulturen sin kjem eg til å kalle for kulturelle blindflekkar. Omgrepet

kulturelle blindflekkar finst på engelsk som cultural blindspots. Auget har ein

blindflekk i iris, og om noko treff synet midt i denne flekken vil ikkje auget

kunne sjå det. Omgrepet kulturell blindflekk karakteriserer daglegdagse normer

og handlingar som er så internaliserte at me ikkje ser oss sjølve gjera dei og er

52

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!