Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark
Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark
Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark
Create successful ePaper yourself
Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.
”Då blir på ein måte tinga ein representasjon - eller?” lurar eg på.

”Ja! Absolutt!” Seier ho og fortset

”Ja, og så er det veldig fokus på det, ikke sant? Det med å være vellykket og..

Ha penger, være lykkelig og ha penger, kjøpe det du vil ha og være lykkelig

ikke sant? Det henger utrolig sammen!” hevdar Anne.

”Så det økonomiske det blir – så du føler at det blir ei spegling av det du greier

og det du ikkje greier?” spør eg.

”Ja, utad så gjør det det. Ikke i det vanlig, altså. Ikke i det vanlige. Men når det

kommer opp – å, nå har vi kjøpt oss ny bil til 500.000, å, nå har vi pussa opp

kjøkkenet for 150.000, …da kjenner jeg at jeg blir litt sånn… Jeg kan ikke høre

det uten å tenke dårlig om meg selv. Fordi at det har ikke jeg klart.” seier ho.

Tinga hennar fortel ikkje om henne slik ho er no. Det har skjedd endringar, men

dei er ikkje synlege fordi ho framleis har dei same tinga. For henne vert

fattigdomen som eit venterom. Endringar let vente på seg. Ho får ikkje

verkeleggjort draumane. Dei daglege handlingane vert usynlege fordi dei ikkje

inneber forbruk men vedlikehald. Så lenge alt er som det var ser det ut som

stillstand. Den daglege omsorga for dottera, heimen og henne sjølv er usynlege

handlingar så lenge dei gjerast med så høg grad av meistring. Om meistringa var

lågare ville det vorte synleg som handlingar som ikkje vart gjort. Ho meistrar å

vera aleineforsørgjar, arbeide turnus og å vera musikar. Likevel er det ikkje

kreativiteten, fleksibiliteten og organisasjonsevna hennar som vert synleg. Dei

daglege handlingane er ikkje manifeste storleikar slik som tinga. Det finst

synlege og usynlege handlingar. Difor vert det ei feilslutning å tru at berre det

synlege finst og at det som er synleg er det me kan vita noko om. Om ein gjev

seg tid saman med nokon kan ein få auge på det som er løynd i utgangspunktet.

115