26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Aristoteles hevdar at måten mennesket uttrykker det sjelelege på, er gjennom

språket. Språket kan overvinne avgrunnen mellom det ytre og det indre i

mennesket. Språket kan utfalde seg i diktinga. Gjennom diktinga kan mennesket

oppnå erkjenning (Aristoteles: 27-28).

Dikting kan vera ei skriftleg framstilling slik denne masteroppgåva er. Ei viktig

utfordring er korleis ein kan få språket til å strekke til slik at det opplevde blir

mimetisk med intervjuet. For kan eigentleg framstillinga verte mimetisk med

den opplevde staden der det skjer ein dialog mellom meg og informanten som i

det naturalistiske mimesis?

I ei skriftleg framstilling har ein berre språket å bruke. For forteljaren ligg det

moglegheit for empati, fantasi og veksling av eg-personar og horisontar.

Språklege kategoriseringar kan sjåast som menneskets måte å skape eit mimesis

av det som det ser 10 . Det er mange sitat frå intervjua i empiri-delen, dette kan

sjåast med bakgrunn i eit mimetisk ideal for framstilling.

3.3.4 Mimesis og empatien

Mimesis er herming av forskjellige objekt, stemningar, stader og måtar, seier

Aristoteles (ibid: 23). Gjennom mimesis etterliknar jo barnet verda, slik lærer

det om det menneskelege. Når barnet hermar etter kjenslene til ein annan,

utviklar det empati. Såleis kan ein kalle empati for ei mimetisk evne. Denne

evna vert teken i bruk i forståinga av verda ikring.

I samfunnsvitskapane finst det eit ideal om at forskaren pendlar mellom nærleik

og distanse til studiets grunnstoff (Repstad:1998). Grunnstoffet i denne studien

er kvalitative intervju. Det kvalitative intervjuet er ein situasjon der det går føre

10 Høvet mellom språket og verkelegheita er her ikkje av nyare språkfilosofisk art, men er

knytt til Aristoteles .

62

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!