26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

det fortolkande mennesket. I dette lyt ein erkjenne at det den andre seier er sant

for han eller henne (ibid:16). Interessa vert vend mot dei eigne historiane som

kvalitetar i seg sjølve, framfor å oppsøke kvantitet tenkt som kvalitet.

3.3.2 Subjekt–objekt-relasjonar

Å hugse rørsler er ein del av forståinga dersom ein tek med fenomenologiens

syn på kroppen som forteljande, samstundes som den er handlande og

persiperande (Zahavi 2003:62-63). Perspektivet vert ei opning i tolkinga av

intervjua med informantane i tillegg til den transkriberte teksten. Forholdet

mellom ting og menneske kan kallast eit resiprokt subjekt-objekt-høve idet ein

vender merksemda mot sambandet mellom mennesket som subjekt i omgang

med objekta. Men i dette er det ikkje gjeve at verda er eit uavhengig objekt,

snarare er det eit djupare samband mellom den ein er sjølv og det som er ikring

ein (Abram 2005: 44-45).

Det fører med seg nokre refleksjonar. Når Skjervheim peikar på skiljet mellom

deltakaren og tilskodaren kan det setjast inn i ein historisk kontekst der

begeistringa over oppdaginga av verda lenge gav ein særskilt autoritet til

naturvitskapen. Men dei situerte subjekta er kan hende ein stor kulturell

blindflekk i naturvitskapen.

…”observasjon har fått en så sterk forrang som kilde til sann kunnskap at det er

blitt en sammenblanding mellom det å se og det å vite, mellom observasjon og

objektivitet. Opprinnelsen til det er framveksten av naturvitenskapene og deres

kunnskapsobjekt, som vi kan kalle det kontekstløse objekt” (Birkeland

2002:53).

Naturvitskapen undersøkjer isolerte fenomen og difor kan den gjera hevd på ei

isolert sanning. Ting er objekt med overflate. Gjennom ei lang verknadshistorie

har overflata vorte til bevis for sanning. Det ein ser er sant. Ein slik ståstad er

60

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!