26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

2.2.1 Utdjuping av problemstilling

Ut ifrå hovudspørsmålet ”Kva er ting for menneska?” held problemstillinga det

ope for at det finst ein resiprositet mellom ting og menneske. Denne

resiprositeten ser ut for å ha fleire nivå. For å få auge på det resiproke forholdet

har det vore nyttig å tenke på kva som er felles ved det som kjenneteiknar den

naturskapte og den kulturskapte materialiteten. Landskapet er annleis enn tinga,

det er tregare og såleis meir stabilt i høve til korleis det verkar på sosial aktivitet.

Fjellet eller treet kan ikkje flyttast på utan vidare. Ting finst likevel i landskap.

Innanfor arkeologien og antropologien er ein oppteken av kva ting fortel om

menneska i landskapet idet ein tenker seg at tinga fortel noko om måten

menneska lever på og set det i samband med naturens eller stadens føresetnader

(Ingold 2000: 190-193). Medan ein kultur også kan undersøkjast i det materielle

innhaldet; tinga. Dersom ein er oppteken av kva det er å vera eit menneske er

det naudsynt å anerkjenne at synet på mennesket i mange kulturar og disiplinar

har vore synonymt med dei materielle kåra. Parallelt har dei materielle kåra ofte

vore analyserte gjennom moralske briller slik at det ein har ofte har vorte tolka

som teikn på kven ein er (Miller 2005:2).

På eit strukturelt plan kan det i den vidare framstillinga vera nyttig å kjenne til to

ulike tankelekkjer som gjer synleg nokre skiljeliner. Det er desse skiljelinene eg

arbeider ut frå i problemstillinga der eg spør om identitet og integritet viser til to

ulike måtar å vera til på. Om ein ser mennesket som subjekt eller objekt (Abram

43-49, Birkeland 2002: 90, 2005: 17, 124) vil svaret på kva ting er for menneska

verte annleis. Begge delar er mogleg, men dei skrivast tilbake til to ulike

tankesett. Det monadiske subjektet er skild frå verda med ei klar grense som skil

mennesket frå omverda (Birkeland 2005: 82). Dette subjektet har mykje til felles

med det cartesianske subjektet. Det mekanistiske verdsbiletet heng saman med

det cartesianske skiljet mellom kropp og sjel. Til dette høyrer interessa for det

geometriske og det abstrakte romet, objekta, observasjonen og naturvitskapen

23

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!