26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

og kultur saman slik Birkeland tek til orde for med sitt omgrep ”choragrafi” som

eg kjem tilbake til seinare (Birkeland 2005: 147-149).

2.2 Problemstilling

Hovudspørsmålet eg arbeider ut ifrå er ”Kva er ting for menneska?”.

Spørsmålet er knytt til dei menneska eg har intervjua. Med vekt på forteljingar

vert studien oppteken av menneskas historier om tinga. Problemstillinga bør

vise til metoden der det er ei utprøving av ei hypotese. Hypotesen er at

forteljingar om ting kan seie noko om verkelegheitsforståingar i den norske

samtidskulturen og at tinga på den måten er eit prisme for noko anna.

Metoden fører med seg ei utforsking av forholdet mellom det partikulære og

kulturen; korleis kan dei partikulære historiane seie noko om den norske

samtidskulturen. Med bakgrunn i interessa for sambandet mellom menneska,

tinga og samtidskulturen har eg kome fram til ei todelt problemstilling;

Den fyrste delen av problemstillinga er knytt til historiane, grunnstoffet for

analysen som følgjer, og svarar til metoden. Medan den andre delen er

bestemmande for det fokuset eg har valt i analysen av intervjumaterialet.

Problemstilling

Korleis kan subjektive forteljingar om tinga seie noko om

verkelegheitsforståingar i den norske samtidskulturen?

Kva får ein auge på om ein deler det eine mennesket inn i to måtar å verke på

som ein kallar å gjera identitet og å ha integritet, og korleis kan ei slik inndeling

kaste ljos over kva tinga er for menneska?

22

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!