26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

1.1.3 Kryssande syn på verkelegheita

Det ligg også ei sosial undring i botnen for valet av tema for oppgåva. Den

sosiale undringa botnar i erfaringar med kryssande verkelegheitsforståingar i

oppveksten og seinare gjennom å ha flytta og dermed skifta miljø mange

gonger. Med dei sosiale vekslingane har diskusjonar kring ting ofte hatt ein

sentral plass. Under oppveksten fann eg min plass mellom dei kvinnene som var

opptekne av kunst og design i familien. Dette pregar kanskje denne

framstillinga, eg tenker kunst og verkelegheit saman. Kunsten fungerer som eit

personleg lufterom for å finne avstand og nye ståstader. Dette er ein så

internalisert måte å forholde seg til røynda på at eg ikkje forklarer det eksplisitt

undervegs. Bruken av mimesis-omgrepet i denne oppgåva, eit omgrep som er

mykje nytta i kunsthistoria, kan sjåast inn i denne bakgrunnen. Kunsten vert ein

av inngangane i forståinga av samtidskulturen idet den på ulike vis opnar opp

horisontane.

I det faglege har dei personlege tankesetta og erfaringane ført med seg nokre

spørsmål i høve til kanoniserte teoriar. For korleis kan eg vita at det eg ser er

slik det er for deg? Dette er ein måte å spørje på som eg kjenner att frå mitt

personlege forhold til kunsten. På det private planet finn eg det sjeldan

interessant å diskutere kva som er kunst og kva som ikkje er det. I staden er det

møtet mellom subjektet og verket og den opplevinga det kan gje som er

interessant. Med å setje opplevinga øvst kan ein ta inn over seg korleis

responsen på verket verkar i den andre. Om du har mange utstoppa dyr slik

informanten ”Else” har, kan eg sikkert hevde med bakgrunn i teoriar at når det

gjeld utstoppa dyr er det relevant å sjå på kjønn, utdanning, geografisk tilhøyre

og så bortetter. Men det er mi eller teoriens verkelegheitsforståing som kjem

fram i dette, og ikkje informantens. Om du har stoga full av miniatyrbilar og

Disneyfilmar slik som ”Jon” har kan eg kanskje plassere deg på ein sosial

rangstige med hjelp av visse sosiologiske teoriar. Likevel veit eg ikkje kvifor du

13

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!