26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

variert. Eg hadde allereie ei stor utfordring i det store spennet som var i

materialet, og avgjorde å stoppe datainnsamlinga medan det endå var mogleg å

halde ein viss oversikt.

Det er overvekt av kvinnelege informantar; fire kvinner mot to menn i utvalet.

Dette kan ha noko å seie for kva eg har fått vite om tinga. I analysen kjem eg inn

på temaet kjønn, og ein kan trekke i tvil om utvalet gjer det representativt å dra

fram dette temaet så vel som andre tema. Det som likevel gjer dette naudsynt er

at opplevinga av tinga lyt til å involvere verkelegheitsforståingar, (og desse lyt

vidare til å vera kjønna). Eg hadde håpa i større grad å intervjue par saman, men

dette fekk eg berre høve til i eit av intervjua, eg kjem tilbake til kvifor i

empiridelen der informantane slepp til orde.

Eg har funne utvalet gjennom perifert kjende. Det ville ha vore problematisk å

velje ting som styrande for utvalet om ein ikkje hadde ei aning om kva for ting

ein kunne finne heime hjå informantane. Ein vert avgrensa av økonomiske og

tidsmessige årsaker. Ein kunne leike med tanken om å lage ein avisnotis der ein

ber om frivillige informantar. Men å velje i periferien av ein samansett

omgangskrins er tidmessig og økonomisk effektivt, noko som også tel i eit

arbeid som dette. Det kan vera problematisk å bruke kjenningar som informantar

dersom ein vil gjera ein kritisk studie. Repstad peikar på at det kan koma

lojalitetsband og avhengigheitsband inn i biletet. Han åtvarar mot å bruke kjente

nettopp fordi ein kan miste noko av fridomen sin, ein kan kjenne band til

informantane som gjer at ein ikkje tør å koma fram med det som har kritisk

potensiale. Samstundes peikar han på at det å bruke kjente kan gje den fordelen

at ein lukkast i å få meir informasjon. Informantane kan ofte vera meir opne

ovanfor ein som kjenner dei (Repstad 1998: 68-69). Det kan hende at dei, etter

mi oppfatting, svært opne og ærlege samtalene som finst i intervjumaterialet er

slik fordi eg ikkje var heilt ukjent. Å kjenne informantane perifert har difor vore

ei mellomløysing som prinsipielt både har fordelar og ulemper.

49

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!