26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

seg utanfor huset møter han den i miniatyr inne i huset. Det skapar samband

mellom det som er ute og det som er heime. Medan ein kan tenke seg at bilen

vert ei forlenging av heimen for nokre, som ein representasjon av heimen, kan

det også tenkast at heimen kan bli ein representasjon av bilen; Dersom det er slik

at det er bilen som er viktig for identiteten og integriteten.

”The car achieves an extraordinary compromise, for it makes it possible to be

simultaneously at home and further and further away from home. It is thus the

centre of a new kind of subjectivity of the domestic world is strictly

circumscribed (Baudrillard 1996: 67).”

Eg tek til å tenke på bilen som ein transportabel stad. Om ein ser det slik kan det

hende at det ikkje er berre ein transportabel stad, men sjølve staden; Den staden

som opplevast som den viktigaste for kreasjonen av sjølvet. Ei estetisk

framtoning kan knytast til skaping, til kreasjon. Ei kraft frå innsida får eit

uttrykk på utsida. Som Birkeland seier så eksisterer både sjølvet og staden, og

desse kan sjåast saman. Gjennom å sjå på korleis staden og sjølvet kan fortolkast

og kontekstualiserast i høve til einannan kjem kreasjonen, medskapinga, til syne.

Gjennom denne krafta opphøyrer skiljet mellom subjekt og objekt 13 (Birkeland

2005:148).

Eg spør Jon om han brukar å dra på veteranbiltreff, og det gjer han. Han fortel at

det er kult å koma med sin eigen veteranbil.

”Ja, det blir jau litt bilprat, da. Det er jo med. Ein del av oss brødrene har fått

høyre at med pratar for mykje bil, men det… Det er ikkje så mykje. Ja, noko er

jo kva du har gjort med den…au, då…” han dreg på det. Så seier han;

13 Eg kjem tilbake til dette i drøftinga.

92

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!