26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

og skjelne mellom forskjellige slags ”væren” som til dømes bruksgjenstandar

(som gaflar og knivar), naturgjenstandar (som stein og planter), ideale

gjenstandar (som tal) og mennesket (ibid: 44). Dette gjev ei konkret peiking på

temaet for denne oppgåva, og gjer fenomenologien til eit allereie gjeve

utkikkspunkt for å få auge på kulturen. Ein kan tolke Heidegger slik at han

meiner at det ytre er med på å skape det indre romet. Tingen vil alltid stå i

forhold til eit nett av tilvisingar til andre ting. Gjennom konkret bruk er tinga

nære mennesket, og gjennom å vera til stades pregar dei romet. Fordi romet er

kontekst for tinga og menneska må dette dragast inn i analysen. Medan tida er

ein føresetnad for at ”væren” kan eksistere, alt som er, er i tid. Opplevinga av

verda er kroppsleg og såleis vert subjektet viktig. Den subjektive opplevinga er

ein føresetnad (ibid:47-53). Både Birkeland og Casey set fokus på ulikskapen

mellom rom og stad. Slik vert ”stad” ein relevant kategori. For Birkeland og

Casey vert staden meir relevant for subjektet enn romet fordi rom og subjekt står

i eit fjernare forhold til einannan enn stad og subjekt slik dei ser det. Med å

knytte stad til subjektet freistar ein å forstå mennesket innanfrå, som ei levd

”stad-verd” (Casey 1996: 17). Medan rom-kategorien kan knytast til eit utanfrå-

og inn-perspektiv kor mennesket er skild frå det som er ikring. Dette må ifølge

Birkeland sjåast i ljos av omgreps-historia og det geometriske verdsbiletet som

oppstod i århundra etter renessansen. Vendinga mot staden gjev ei større

forståing av subjektet (Birkeland 2006: 1-2, 6).

Det er med andre ord ein skilnad mellom rom og stad (Birkeland 2002: 89).

Dette er fordi staden kan knyttast til det opplevande og deltakande subjektet

medan romet kan knyttast til det observerande subjektet. Dette er to ulike

utgangspunkt for forståing. Om ein har interesse for det situerte subjektet er det

styrkande å sjå på nærleiken i relasjonane til dei andre og til verda ikring (ibid:

94). Gjennom å sjå på omgrepet ”stad” kan subjektet verte tydelegare situert og

kontekstualisert. Denne oppklaringa kan verke til ei utdjuping av

28

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!