26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

kvinnene før. Difor betyr tinga som dei har hatt så mykje, hennar eigen historikk

følgjer i line frå dei. Dei arva tinga ber kan hende inklusjonen av Else som ei

kvinne blant dei andre kvinnene og som arvtakaren blant dei, i seg. I ei slik

forståing er det ikkje plass til mennene, ein kan tenke på dei som ekskluderte frå

moglegheita til å inngå i forteljingane om tinga som kvinnene har hatt.

Kjenslene for tinga er kjensler for menneska. Det skjer ei samansmelting. I

biblioteket har Else ein ”skatt”, oldemora si skjønnskriftbok. Ho syner den til

meg – det skjer noko i hendene på henne i kontaktflatene mellom boka og

hendene. Måten ho tek i boka liknar måten ein tek i menneske. Orda strøymer ut

av henne, det ho seier assosierer eg til ein forteljarkultur som er i ferd med å gå

tapt. Eg ser henne på ein annan måte når ho fortel om dei viktige tinga, fordi ho

får eit anna kroppsspråk. Det ser ut som ho gjeng inn i rolla som forteljaren.

”Eg har ein av dei fyrste skulebøkene som oldemor hadde, der ho har øva på å

skrive bokstavar. Ja, det er kjempemoro, og det at – nei, du ser at ho har skrive

med blekkpenn, og så så fint som ho har skrive! Der er ikkje sånn som i tredje

klasse no, altså! Der er det kjempenøye og fint! ” seier Else entusiastisk.

”Og lesebøkar – eg har – den boka, det er ikkje ein tjukk bibel, men det er ein

sånn liten ein dei hadde når dei skulle bli konfirmert, og der står det

”konfirmant”, og så stend det navnet hennes og så stend det årstal og – det er så

moro! Det er kjempemoro! Og eg har den fyrste skriveboka til pappa som han

hadde på skulen, eg har bibelen til bestemor som ho hadde når ho blei

konfirmert!” fortset ho.

”Kan du fortelje kvifor du syns det er moro?” ber eg.

”Nei, veit du, det veit eg ikkje heilt, men eg syns det er veldig moro å vita når

eg sit og ser i den boka og vita at den har faktisk oldemor sete og skreve i når

ho var lita, for hundre år sidan, og det er kjempefascinerande, syns eg. Så eg

likar å ha bokhylla full av sånne ting, da.” seier Else.

102

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!