26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

og metoden mellom anna fordi det hermande mimesis, som eg kjem tilbake til,

er om medskaping. Ein konsekvens av interessa for det situerte subjektet slik ein

finn det i fenomenologien, er (etter det eg kan skjønne) at subjektets medskaping

av verkelegheita vert interessant.

Leitinga etter treffande omgrep har vidare gjort det interessant å nytte

idéhistoriske perspektiv i denne studien. Det er eit forsøk på å oppnå distanse til

stoffet sidan omgrep og tekstar frå ei anna tid kan hjelpe til med å kaste ljos over

samtidskulturen. Lowenthal hevdar at fortida alltid endrar seg med den samtida

som ser tilbake på den. Fortida er like annleis som eit heilt framand land. ”The

past is a foreign country”, seier han (Lowenthal 1985:1, 411). Innanfor

historiefaget fins det ei oppfatting av at ein ikkje kan forstå notida utan gjennom

fortida. Ein må kjenne til korleis notida har blitt til (Kjeldstadli 1999:21). Ved å

gå til litteratur frå fortida har eg forsøkt å sjå samtida med oppsøkt distanse. Eg

freistar å tileigne meg eit framand blikk på det kjende slik at eg kan bli kjend

med det kjende på nytt. Dette relativiserer til ein viss grad kva ting tyder i

samtida, og eg håpar at grepet kan gje ein ekstra dimensjon i analysen. Dei

idéhistoriske perspektiva kjem gjerne sterkast til uttrykk i drøftinga, men vil

også koma fram andre stader i oppgåva.

Utgangspunktet for dei faglege mellomstraumingane i oppgåva knyt seg nok

sterkast til utforskinga kring omgrepet identitet, som det finst interesse for både

innanfor humaniora og Cultural Studies. Med inspirasjon frå den filosofiske

antropologien har denne utforskinga ført fram til andre omgrep slik som

integritet, inklusjon og eksklusjon.

2.1.3 Ting

Antropologen Daniel Miller spør om det er mogleg å lage ein teori om ”ting”.

Eit poeng for han er at ting har ein evne til å inngå i liva våre som

19

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!