26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Dei små tinga frå Kina fortel om ein fascinasjon for ting som er annleis enn

heime. Deira identitet som par vert synleg gjennom ting som skil seg ut. Tinga

blir til bevis på kven dei er og kor dei har vore.

Det kinesiske skapet ber på minna frå Kina. Det liknar andre skap som finst i

familien til Ivar. Skapet er teikn på inklusjon i eit familiefellesskap på hans side.

Samtidig ber det noko av den gylne tida, den fyrste barndommen til deira eldste

barn. Reisa til Kina var ikkje ein ferie, men ein pappapermisjon. Det var meir

alvor i det enn ein ferie. Pappapermisjonen er ein relativt ny moglegheit for

familien. Reisa til Kina vert ein del av sonens identitet og fortel om kva for ein

familie han er integrert i. At pappapermisjonen vart nytta til ei reise til Kina

viser til handlekraft. Kanskje det er difor dei ikkje kallar det for ferie, som viser

til avslapping. Dette er eit tiltak for familien.

Formålet med reisa til Kina er også å møte familien til Ivar. Posisjonane fysisk

distanse og mental nærleik møtest i forteljingane om tinga derfrå. Dei same

posisjonane møtest i eit anna interiør. Det kjem frå familien til Ingunn. Den

kvalitative tida som minner er gjer tinga til bererar av historier om viktige andre,

dei andre som er relevante for eigenkjensla og dermed integriteten.

4.2.2 Interiør og personleg historikk

I stoga er det ei eldre spisestoge

som er lakka i plommeraud

bengalakk. Den står i sterk

kontrast til dei minimalistiske

rammene som huset utgjer.

”Kan de fortelje om den raude

spisestoga?” spør eg.

Figur 9 "Viktig spisestoge"

82

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!