26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

For å sjå lenka mellom den særeigne historia og forteljinga om kulturen i den

same historia krevjast det noko særskilt. Dette kan samanliknast med to ulike

modi. I den eine modusen er ein nær og inkluderande (under intervjua) medan

den andre er distansert og objektiverande (under analysen). Begge desse

modiane gjer krav på intervjuarens integritet. Repstad set enkle omgrep på det

og kallar det pendling mellom nærleik og distanse (ibid). Den merksame lesaren

vil kjenne att dei sentrale omgrepa frå teorikapitlet i den empiriske framstillinga.

Det kjem fram ulike perspektiv på verkelegheita, og mangfaldet i materialet kan

gjera det vondt å få auge på grunntema. For den det måtte interessere grip eg

særskilt fatt i omgrepa identitet, eksklusjon, integritet , inklusjon, entitet,

subjekt, objekt og tid i analysen. Eg kjem også inn på mimesis, humor og å vera

samstemd. Desse omgrepa som er henta frå teoridelen og metoden vert ikkje

utskilde eller særskilt poengterte undervegs. Dei er integrerte i teksten. Omgrepa

vil difor ikkje skilje seg særskild ut om ein ikkje ser etter dei. Som ei hjelp til

lesaren nyttar eg likevel desse sentrale omgrepa i underoverskriftene der dette

passar. Eg nemner dette slik at lesaren kan få auge på sambandet mellom den

teoretiske og den empiriske delen. Fordi dei sentrale analytiske omgrepa allereie

er presenterte kan den empiriske delen framstå som relativt teorifri idet der er få

referansar. Men i verkelegheita er dei verksame sentrale omgrepa berre moglege

på grunnlag av det teoretiske bakteppet. Det som står fram som teorifritt er

likevel basert på dei teoretiske omgrepa. Intensjonen med å gjera stoffet som er

presentert hittil så teoritett er at det no gjer det mogleg å leggje fram intervjua

utan mange kjeldereferansar. I dette ligg det eit ønskje om ei fri form som slepp

informantane til i sterkast mogleg grad. Mine fortolkingar viser til dei sentrale

omgrepa, men er elles relativt frie. Der det er naudsynt trekkast andre omgrep og

teoretikarar inn.

66

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!