26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

problematisk innanfor kulturanalysen dersom ein meiner at kontekstane gjer

sanninga relativ. Den som ser må situerast.

3.3.3 Mimesis som analytisk omgrep

Under antikken tenkte ein på verkelegheita som ein kopi av den eigentlege

verkelegheita. Ein hest var mimesis av ein annan hest, ein kopi av kopien.

Empiristen og analytikeren Aristoteles vender dette mot verkelegheita, og

mimesis vert ein måte å forstå denne på 9 . Med mimesis kan ein skildre korleis

menneska kan sjåast som modellar for handling, og at dette fører med seg val i

høve til kven eller kva ein vil etterlikne (Krogh 1996: 348-350).

Mennesket lærer om seg sjølv gjennom herming av andres uttrykk, gjennom eit

mimetisk spel. Grunnen til at menneska hermar er i utgangspunktet at dei finn

glede i dette gjennom ei medfødt lyst. Barnet hermar, slik lærer det (Aristoteles:

23-24). Gjennom herminga får barnet verkelegheitsforståing. Etter mitt skjønn

dreg mimesis på denne måten med seg medskapinga, den som hermar tar etter

gjennom å delta med seg sjølv. Mimesis er altså knytt til ulike handlingar.

Idéhistorikaren Dorthe Jørgensen hevdar at det mimetiske dukkar opp i tre ulike

former. Desse er det idealiserande, det fantasmatiske og det naturalistiske

mimesis. I det idealiserande mimesis er det eit tenkt ideal som er forbilete for

den hermande skikkelsen. Det ideale er ikkje mimetisk med det som det skal

likne, men er mimetisk med idealet av det det skal likne, slik det bør vera. Det

fantasmatiske mimesis avbildar noko i ein friare form, slik som det let til å vera.

Medan det naturalistiske mimesis kopierer det som det etterliknar (Jørgensen

2001: 69).

9 Alle referansar til Aristoteles her er i høve til den same teksten, eit utdrag frå ”Poetikken”.

Jfr litteraturlista.

61

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!