26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Merleau-Ponty forklarar korleis kroppen sjølv har romlegheit og dermed er med

på å setje preg på det han kallar det objektive romet gjennom å vera i det. Medan

persepsjonen av romet må skje gjennom ”væren” i romet.(Merleau-Ponty

1994:104). Rom og tid er forbunde med einannan.

2.4.3 Entitet

Ting og kropp får nærast eit minste felles multiplum i omgrepet entitet om ein

likestiller ting og menneske. Omgrepet entitet tyder ifølge framandordboka

”væren, vesen” (Berulfsen 1978). Medan ein finn ei litt rikare forståing i

filosofileksikonet idet det vert skildra slik; ”entitet (latin entitas, vesen,

værende), uttrykk innført i skolastikken som oversettelse av det greske on. 1. En

tings eller arts vesen. 2. Noe værende, en gjenstand”etc. (Lübcke 1996: 142).

I desse forklaringane får omgrepet entitet ein dimensjon som knyt det til

terminologien i fenomenologien. Tingen er ein ”væren, vesen”. Forholdet

mellom ting og menneske kan setjast inn i eit fenomenologisk rammeverk der

interessa for kroppen, tida, romet og staden allereie finst. Omgrepet entitet gjev

inngangar til forståing for kva tinga er for menneska fordi teoretiske kontekstar

allereie er verksame i ordbokas forklaring av omgrepet som ”væren”.

Om ein seier at entitet er tingens vesen og kallar det ”Noe værende, en

gjenstand” lyt ein ta med omgrepet tid. Dersom noko skal vare må det vare i tid.

Det verande er verande i tida. Når tingen har eit vesen kjem det av at den vert

omtala og rekna med i dagleglivet til informanten. Tingen vert tillagt ei bestemt

meining. Fokuset her er på informantens forteljingar. Når ein ting ikkje fyrst og

fremst handlar om seg sjølv, altså ikkje er sjølvrefererande, kan ein tenke den

som ein refleksiv entitet. Informantens forteljing om tingen ber i seg andre

historiar. Ofte handlar ikkje tingen om tingen, men tingen viser til noko anna

med sin ”væren”. Intervjua handlar oftast om det tinga viser til. Omgrepet

35

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!