26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

avkledande og fiendtleg blikk. Om ein er tilskodar til noko er det ikkje naudsynt

at ein har ei fiendtleg haldning. Men i intervjusituasjonen lyt ein sjå at haldninga

høyrer til dei situerte subjekta. Både intervjuaren og informanten er situerte, og

begge er tilskodarar til einannan samstundes som dei deltek. Filosofen

Skjervheim skil mellom ei fiendtleg og ei venleg haldning i sitt essay ”Deltakar

og tilskodar”. Skiljet går nettopp mellom tilskodaren og deltakaren og dette er

sentralt i hans kritikk av objektivismeidealet, som vart fremja i 1959 (Ryen

2002: 42-43, Skjervheim 1996).

Dette skiljet dreg med seg nokre etiske refleksjonar som også går inn i

forskarens forståing av seg sjølv i intervjusituasjonen. Informantens historier

kan berre vera kjelde til ny kunnskap dersom ein anerkjenner at det informanten

seier er sant for informanten (Ryen 2002: 31). Skjervheim skil som sagt mellom

deltakaren og tilskodaren. Om ein er deltakar eller tilskodar så ter ein seg på

ulike måtar, og dette kjem av at dei to praksisane spring ut av to ulike

haldningar. Tilskodaren stiller seg utanfor det sosiale for å kunne døme kva dei

andre gjer. Han ser dei andre som objekt, som fakta i verda. Det er ei fiendtleg

haldning som berre kan møtast med ei angrepshaldning. Medan deltakaren ser at

han sjølv er med på å forme augneblikket (Skjervheim 1996: 72-74, 76).

Skjervheim lukkast i å gjera tydeleg eit etisk, kritisk poeng. Det kan vera grunn

til å problematisere skiljet mellom deltakar og tilskodar i intervjusituasjonen. I

røynda er me tilskodarar til einannan samstundes som me deltek. Me er jo

tilskodarar så snart me opnar augo; For augo skodar, det er eit anna ord for

”ser”. Med kroppsspråk og stemme syner me at me deltek, og me gjer begge

delar under ei sosial samhandling. Intervjuaren er ute i eit ærend, interessert i ei

sak som informanten veit noko om. Den sosiale konteksten er også ein fagleg

kontekst for intervjuaren. Samspelet kan vera avgjerande for kva for

informasjon ein får, og då blir det relevant å reflektere over den måten ein sjølv

er til i romet på. Eit faktum ein ikkje kan endre, er at måten me trer fram på, er

51

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!