26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ein analogi frå biologien 7 . Me står midt i noko slik at me ikkje får auge på det.

Om me vil oppdage kulturelle blindflekkar lyt me flytte oss bort frå vår vante

plass. Dette kan skje på ulike måtar. Gjennom ei hermeneutisk vending mot

verkelegheita kan ein få tilgang på meining ved å ta i bruk intersubjektiviteten

Slik kan den andres verkelegheits-forståing, som er løynd, koma til syne. Den

kritiske hermeneutikken vil ha som prosjekt å oppdage sanninga bak det skjulte.

(Birkeland 2005: 18-19).

Me har også blindflekkar i høve til den eigne framtoninga. Sjølvrefleksjonen er

utfordrande og krevjande (Klein og Ehn: 1994: 12). Og til ein viss grad er den

eit umogleg prosjekt, fordi ein ikkje nokon gong kan greie å sjå seg sjølv

utanfrå. Auga er festa til hovudet, det er slik jamvel om ein brukar spegel.

Dersom ein forsøker å delta og vera distansert samstundes vil ein i røynda endre

statusen sin i høve til den andre slik at den andre ikkje lengre er i same mentale

nærleik til ein. På den måten kan samspelet verte påverka. Den ein

kommuniserer med må anerkjennast som like autonom som ein sjølv. Om ein

anerkjenner den andre som like autonom som ein sjølv meiner eg at ein lyt vera

så nærverande ein kan i augneblikket. Distansen lyt ein i alle høve forsøke å få i

etterkant. På den måten kan ein ha ein viss oversikt over korleis kroppen trer

fram i romet som fiendtleg eller venleg. Kroppens haldning vil sannsynlegvis

vera mimetisk (sjå forklaringa av omgrepet litt under) med den haldninga ein har

til den andre.

Intervjua var gjennomgåande prega av interessa for temaet, og informantane

synte stor velvilje i samtalene. Latter og alvor gjekk hand i hand i samtalene og

det fører med seg at eg litt under stiller spørsmål kring latterens funksjon i det

sosiale.

7 Ei god forklaring finst på www.aussieinamerica.com

53

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!