26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

4.5.1 Organisering av tid

Anne bur saman med tenåringsdottera si i eit gamalt hus som ho leiger. Det ligg

i ein huskrull i utkanten av ein tettstad. Store apaler heng tunge av frukt utanfor

huset. Jordene ikring gjev ein open horisont mot fjella langt borte.

Ho tek vel imot meg og viser meg rundt i huset. Interiøret er prega av møblar frå

60- og 70-talet og nokre raritetar. Det heng eit stort impresjonistisk måleri på

veggen som er måla av ein kjend kunstnar. Elles er der få ting. Det skapar eit

rom der den frie rørsla får plass. Fargane går i brune tonar på alle flater og

møblar. Dette gjev eit mjukt ljos slik at tinga ikkje skiljast klart frå romet. Tvert

om verkar det som dei veks ut av flatene som storleikar som høyrer til. Om ein

skulle kalle interiørstilen for noko kunne den nærme seg stilen ”shabby-chique”

med minst vekt på ”chique”.

Anne er eineforsørgjar, musikar og deltidsarbeidande innanfor helsevesenet. Det

gjev henne ein kombinasjon av erfaringar som stiller henne i svært ulike

situasjonar i det daglege. Hennar forhold til tid er prega av periodar med knapp

tid og periodar med overflod av tid. Det stiller krav til elastisitet og dynamikk.

Turnusarbeidet utfordrar organiseringa av heimen, kvar dottera skal vera til

ulike tider er ein kontinuerleg kabal i høve til arbeidstida. Som musikar følgjer

heller ikkje arbeidstidene skulens kalender. Livet hennar er samansett av desse

praksisane, som kjem til å prege hennar identitet og integritet.

Det fylgjer ulike forventingar til desse måtane. Ho står i ein sosial beredskap der

munnlege forklaringar og private praksisar dels dekker over, dels gjer synleg dei

ulike verksame måtane for å ta vare på integriteten. Eg kjem tilbake til korleis

dette vert synleg etter at delar av intervjuet er attgjeve under.

108

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!