26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

sett med haldningar. Den eine er ekskluderande og høyrer til identitetens skilje

mellom meg og dei andre. Medan den andre er inkluderande og høyrer til

integriteten som ei inkluderande haldning som fører til inkluderande handlingar,

her verkar intersubjektiviteten. Mellom inklusjonen og eksklusjonen finst

toleransen.

2.4.6 Tid

Alt som eksisterer eksisterer i tid. Tankar om tida er ikkje universelle. Til dømes

spring ulikskapen mellom og kategoriseringa av syklisk og kronologisk tid ut frå

to ulike tankesett. Desse tankesetta vert gjerne knytt til skilnaden mellom det

førmoderne og det moderne. I den kronologiske tida som er den dominerande

uttrykte vestlege førestellinga om tid, er tida irreversibel (Høystad 1994: 103).

Bevisstheita om at individet eksisterer i tida mellom fødsel og død gjev tinga ein

særskilt posisjon. Dei kan forlenge eigarens eksistens gjennom å bli verande i

verda etter eigarens død. Dei kan også intensivere livskjensla fordi dei vert

transformert til bevis på handling, dei statuerer val, ønskjer og begjær. Begjæret

er knytt til draum og fantasi (Baudrillard 1996: 96-97). Ein ting som ser konkret

ut, som eit faktum for meg, kan vera lada av (usynleg) meining for deg.

På musea vert ting kontekstualisert i historisk tid. Arkeologien fortel om

utviklinga etter ei linær tidsforståing. Dette kan gjerne knytast til ideen om

evolusjon, der hendingar etter einannan i tid fører til at ein art utviklar seg i ei

bestemt retning (Høystad 1994: 65). Men mest av alt er kanskje dette eit resultat

av medvetet om den ufråvikelege historisiteten (ibid:103) som også Gadamer er

oppteken av i sin hermeneutikk (Krogh 1996: 245).

Samanblandinga av det rasjonelle og det kjenslestyrte i kvardagen gjer det til ei

utfordring å skilje ut tankar om tid i høve til tinga. Tankar om tid ser ut for å ha i

seg ei rekkje posisjonar der menneskesynet er ein komponent i tenkinga.

42

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!