26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ordinary” (ibid:9-12, 37) kan sjåast som ein skepsis mot eit ureflektert og

verdiladd skilje mellom høgkultur og lågkultur. Populærkultur og samtidskultur

vart viktige område for studiet. Gjennom 1990-talet vart ein oppteken av

subjektivitet og identitet som ei vidareføring av studiets grunntema. Med stadig

nye tilnærmingar til verkelegheita kan det sjå ut for at Cultural Studies løyser

seg opp i fraksjonar som arbeider ut ifrå svært ulike perspektiv.

2.1.2 Ei fagleg vandring

Johan Fornäs ved Advanced Cultural Studies Institute of Sweden (ACSIS)

meiner at ACSIS bør bryte opp og byggje bru over faglege skiljeliner. Det som

skjer i møtet mellom dei ulike disiplinane fører med seg ein rikdom som følgje

av at større forståingar kan skje når ulike fag vert nytta for å kaste ljos over eit

tema. Utvikling av lekkjer mellom dei ulike faglege disiplinane vil styrke

forståinga av kultur fordi kvart fag har ulike perspektiv å tilby. Fornäs åtvarar

mot fagleg isolering innan akademia og rettar kritikk mot ein stagnasjon som

han meiner finst at innanfor humaniora. Denne stagnasjonen knyt han til fagleg

isolasjon. I staden for isolasjon bør det skje ei fagleg utveksling innanfor

disiplinane i humaniora og mellom humaniora og samfunnsvitskapen. Han set

ikkje grenser kring kva ein ikkje kan gjera for å kaste ljos over kulturen. Derimot

lyt han til å meine at eitkvart fagleg perspektiv kan kaste ljos over saka og difor

er til nytte. Den faglege rikdomen skjer i møtet mellom desse kryssande

perspektiva (Fornäs: 2005.).

Ting inngår i vår daglege omgang med verda, og interessa for å undersøke kva

ting tyder for menneska kan sjåast som ei fabulering kring kulturomgrepet

”Culture is ordinary”. Ting er ordinære i vår daglege omgang med verda og dei i

finst i nær tilknyting til menneska.

16

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!