26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

identitet innanfor Cultural Studies, og slik har ein sett subjektiviteten som ein

diskursiv konstruksjon framfor ein eksisterande essens (ibid: 11). Informantane

er kvinner og menn, og dei ser seg sjølve som dette. Dette trekk med seg at

subjektiviteten opplevast kjønna (ibid: 226-227, Birkeland 2002: 83). Med andre

ord opplever og formidlar mannen seg som mann og kvinna seg som kvinne

framfor at dei nyttar den generelle termen ”menneske”.

Det situerte subjektet er situert kontekstuelt. (Frykman og Gilje 2003: 14-15).

Av den grunn forsøker eg å skildre dei materielle kontekstane i empiridelen.

Med interesse for kulturanalyse og for fenomenologi vert kontekstane viktige i

forståinga av kulturen. Eg forsøker også å ha eit blikk på handlingane som finn

stad under intervjua, dette knyt eg til fenomenologien der særskilt Merleau-

Ponty (og etterfølgjerar av han) er oppteken av korleis kroppen persiperer og

handlar i høve til den konkrete, materielle verda som samstundes konstituerer

det mentale verdsbiletet (Merleau-Ponty 1994, Abram 2005, Birkeland 2005).

Denne tilknytinga aukar interessa for subjektet fordi subjektet er i kroppen. Dei

kan med dette ikkje skiljast frå einannan. Med denne konstateringa finst det

interesse for korleis høvet mellom subjekt og objekt kan sjåast. Heidegger feller

mennesket inn i verda ontologisk og freistar å ta eit oppgjer med den

cartesianske dualismen (Høystad 1994: 69). Seinare bruk og utvikling av

fenomenologien lyt til å tenke dette vidare gjennom innføring av nye omgrep

som plasserer mennesket stadleg fortolkande slik i grunnen Gadamer gjer med

horisont-omgrepet (Krogh 1996: 247). Det finst forståingar av menneskets stad

(Casey 1996, Frykman og Gilje 2003) og mennesket som stad (Birkeland 2002,

2005) som insisterer på sambandet mellom subjektet og staden. Med

vektlegging av persepsjon, oppleving og erfaring som stadlege praksisar

(Frykman og Gilje 2003: 13) kjem ein til at mennesket og verda er i djupt

samband med einannan (Abram 2005). Det gjer det aktuelt å freiste å tenke natur

21

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!