26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

konsekvensen vart at menneskerettar også måtte verte naturens rettar. Det finst

jo ikkje eit skilje mellom menneske og natur. Ville ikkje det ta opp i seg andre

måtar å handle på? Tankar kan føre til endring. Den sterke involveringa av

sjølvet i tingen gjer synleg at verda er ein del av subjektet og subjektet ein del av

verda. Det talar for ein sterkare materialisme enn den me har i

forbrukarsamfunnet. Det vil på denne måten vera positivt for miljøet om ting

betyr mykje for oss i staden for lite.

Kva for ein moral som skal gjelde i høve til ting, er eit definisjonsspørsmål. Ein

kulturell effekt av forbrukarsamfunnet kan vera ei førestelling om at ting tyder

for mykje for oss. Men det er heller det at ting tyder for lite. Og dette gjer det

store forbruket mogleg. Hadde tinga betydd meir så hadde me kanskje ikkje hatt

den forbrukstakten som me har i dag. Om me set miljøet i sentrum for moralen

burde me endre meininga med tinga. Me kunne redefinere tinga slik at dei

gjorde livet vårt rikare. Dei får ein ”væren”, og me kan få dei til å vare.

Inklusjon tek tid, og difor er det ein måte å styre forbruket på. Fordi det tek tid å

late seg involvere i andre menneskes liv kan det hende at ein må endre livsstil.

Kanskje vert det ikkje naudsynt med så mange ting. For om ikkje lengre tinga

vert knytt til individets verdigheit kan moralen koma til syne på andre vis.

Dersom moralen vert knytt til korleis me opptrer i høve til naturen vert forbruket

underlagt andre dommar. Med dagens miljøproblem vert det freistande å hevde

at berre ein moral vert ståande å lyse over alle andre, nemleg korleis me opptrer

ovanfor miljøet. Å inkludere omsyn til naturen i dei daglege handlingane, er å

inkludere naturen i kulturen. Det ytre og det indre verkar i einannan. Dette kan

knytast tilbake til eit djupare samband mellom oss og alt ikring, mellom

mennesket som natur og naturen som natur (Birkeland 2005: 86). Denne

tilnærminga ser det situerte subjektet i høve til det som er gjeve i materialiteten

og her legg ein for alvor bak seg det cartesianske skiljet mellom subjekt og

objekt.

136

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!