26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Jon verkar oppteken av leik og barndom og av at leiken skal halde fram i det

vaksne livet. Valet av ting fluktar med humor. Humor har med tidskjensle å

gjera, den gjer tida kvalitativ. Humor intensiverer kjensla av å vera til.

Eg får inntrykk av at interiøret frå 50- og 60-talet ikkje kjem av at Jon er

tilbakeskodande, men tvert om intensiverer kjensla av samtid. Latteren oppstår i

augneblink der han fortel om tinga. Han ler mot dei, som om han er samstemt

med tinga. Det slår meg at Jon er nøgd slik det er. Slik eg ser det integrerer han

seg sjølv inn i ei verd av design, humor og maskulinitet. Identiteten hans kjem til

syne som forma av desse verdiane.

4.4 Gåvene og matriarkatet

I arkaiske samfunn er gåva besjela av gjevaren. Ei avvising av gåva er ei

fornærming fordi det er ei avvising av gjevaren. Gåva skal skape band mellom

gjevar og mottakar, og denne bindinga er av varig karakter. Gåver som er gjevne

av slekt, familie og vener er prov på varige relasjonar. Skiljet mellom ting og

familie finst ikkje fordi historia til familien heng fast i tinga. Gåvene og dei arva

tinga er vitnesbyrd om alliansar av sosial varigheit. Tinga har individualitet fordi

gjevaren er i tinga. Gåver er altså teikn på alliansar i motsetnad til isolasjon og

gåver har moralske implikasjonar (Mauss 1995: 28-30, 52, 87, 147, 211). I

intervjuet under ser alliansane ut til å vera kjønna. Gåvene lyt i stor grad til ¨å

vera symbolske band mellom kvinner.

Gåver kan vera teikn på kven ein er for andre, og på kven sine liv ein er integrert

i. Fråver eller avvising av gåver kan vera teikn på uønska eller ønska isolasjon.

97

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!