26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

eller ekskludere musikken fordi nokon har laga den. Kva vi vel gjer noko for

identiteten vår.

Kulturforskaren Michael Bull hevdar i ei analyse av musikk på øyret15 at

musikkens evne til å endre kjensla av romet er ein viktig årsak til bruken. Å setje

lyd til dei daglege handlingane endrar kjensla av tida. Ventetid vert til lyttetid og

byromet vert til ein stad med klang i staden for støy (Bull 2000). Analysen er

overførbar til andre rom.

Ein kan tenke på musikk som noko som kan fortrylle tida. Musikken er

inkluderande fordi den er eit tilbod til sanseapparatet. Når musikken vert til

sentrum for opplevinga kan blikkets vurderande evne koma i bakgrunnen.

Musikaren kjem best til sin rett når ho høyrest. Det er då identiteten og

integriteten vert best synleg. Ved å setje musikaren i sentrum for analysen vert

tinga til teikn på musikalitet i staden for manglande normalitet.

Gjennom å opne for inklusjon i staden for eksklusjon kan menneska koma til

syne.

Samansauminga av tida, økonomien, omsorga og kunsten fortener positiv

merksemd framfor ei følt kjensle av manglande meistring representert ved tinga.

Dei tradisjonelt kvinnelege handlingane er ikkje manifeste storleikar, men

handlingar som stadig flyktar vidare til neste handling utan å ta plass i romet slik

tinga gjer. Kjensla av kva normalitet inneber kan knytast til det kvinnelege fordi

det å vera mor er forbunde med forventingar til normalitet. Normalitet har eit

sett med uttrykk.

Det paradoksale er at normalitet/ avvik er ein normativ diskurs, ikkje ein

materiell diskurs (Sirnes: 1999:35). Likevel får normaliteteten eit uttrykk

gjennom det materielle.

15 Walkman, mp3, iPod etc

119

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!