26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

hende fordi mennesket har behov for å få respons på sjølvet. Ei sterk

sjølvkjensle er ein immateriell storleik, og det verkar ikkje logisk at den kan

svarast på med materielle verdiar.

Det som heile tida vert utskifta gjev inntrykk av noko problemfritt og meistrande

og viser slik til ein skinnmoral. Stigmaet som heng ved synet på dei fattige som

umoralske, fører til rå bruk av rikdom og drivast fram av ein norsk æreskultur.

Det høgverdige burde vera gjenbruk, ikkje stadig fornying fordi høg

utskiftingstakt på ting forringar miljøet. Mange fattige lever allereie rektigare i

høve til forbruk. Det er ikkje umoralsk å ha det ein i Noreg ser på som ein låg

levestandard, men det er problematisk fordi det heng tunge moralske

førestellingar på dette. Denne førestellinga inneber ei nedvurdering av moralen

til dei fattige. Ved å setje naturen øvst vert det i staden for umoralsk å ha eit høgt

forbruk. Eit slikt syn vil endre kulturen og kanskje hjelpe naturen.

Tinga kan intensivere kjensla av samtid fordi dei har som eigenskap at dei kan

bera i seg den kvalitative tida. Det betyr truleg også at dei kan fungere som

mentalhygieniske entitetar – ved å kaste ein gjenstand kan ein kvitte seg med ei

vedvarande ubehageleg kjensle som er komprimert i tingen. Eit ubehag som

tingen minner om ved å vera til stades i rommet.

Om eg gjev deg ein ting kan eg håpe at du tenkjer på meg når du ser tingen.

Tingen vert ein entitet der gjevarens ”væren” er i tingens ”væren”. Slik kan gåva

vera eit substitutt for tida ein ikkje får saman. Om det er knapt med tid kan det

vera rikt med gåver. Tingen erstattar menneskets tid gjennom ein

transformasjon. Mennesket er i tingen som eit avtrykk slik ein ser det i

forteljingane om tinga. Og kanskje er tinga til i staden for tida til eit menneske.

Mennesket treng å kjenne seg integrert i livet til andre. Dette kan berre skje i

samvær med dei.

Med støtte i Bergson (påpeikinga av den kvalitative karakteren som tida og

sjelstilstandane har) vil eg hevde at tida (som ein brokk av ei hending) vert lagra

133

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!