26.07.2013 Views

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

Svalastog ferdig.pdf - TEORA - Høgskolen i Telemark

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

3.2.4 Intervjuguiden

Dei kvalitative metodane er eigna dersom ein ynskjer innsikt i korleis menneska

forstår livsverda si, og intervjuguiden er forma ut ifrå ønsket om å få innsikt i

livsverda til informantane. På førehand hadde eg tenkt gjennom nokre kategoriar

av ting som det kunne vera relevant å spørje om. Med ønsket om at den

personlege meininga skulle koma fram kom eg raskt til at eg ikkje ville spørje

etter meininga bak biletet over sofaen, ljosestaken, innreiingane eller bilen. I

staden ville eg gjerne at informantane i størst mogleg grad skulle styre kva for

ting me snakka om sjølv om me burde halde oss til temaet. Eg kom fram til at eg

kunne lage ein intervjuguide som kategoriserte tinga etter ulike formål og

verdiar og at måten eg ønska å gjera intervjua på var at å la samtalane flyte

relativt fritt innanfor desse kategoriane. Eg hadde med meg intervjuguiden som

eit korrektiv slik at eg best mogleg kunne sikre at me var innom alle

kategoriane. Informantane fekk til dømes spørsmål om kva som var dei vakraste

tinga deira, og eg spurde vidare kvifor dei tykte dei var vakre og om det vakre i

seg sjølv er av verdi. Slik peika informantane ut dei konkrete tinga sjølve.

Det kan vera verdt å kommentere eit generelt trekk ved måten dei svara på. Når

dei fekk spørsmål om tinga svara dei nærast alltid med historier som handla om

noko anna enn tinga. Tinga ser ikkje ut til vera sjølvrefererande, dei handlar om

menneska. Det lyt til å vera eit forhold i subjektet som vert kommentert gjennom

objektet. Dette gjer tinga til inngangsportar for å snakke om

verkelegheitsforståingar. Difor er tinga eigna som prisme til å forstå det

menneskelege og til å forstå samtidskulturen.

3.2.5 Utfordringar og svakheitar

Eg gjorde fem intervju, og desse intervjua er grunnstoffet for studien. Når ein

ynskjer innblikk i den norske samtidskulturen kan ein diskutere om

54

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!